Søndag kl 14 blir siste utetrening for gubbetrimmen. Det skjer på Bordholmen, og vi håper på bra oppmøte – kom og bli med oppfordrar Ivar Helge Kvendset i Todalen I.L. som er arrangør.

Søndag kl 14 blir siste utetrening for gubbetrimmen. Det skjer på Bordholmen, og vi håper på bra oppmøte – kom og bli med oppfordrar Ivar Helge Kvendset i Todalen I.L. som er arrangør.
Raus 2015 er eit prosjekt i kjølvatnet etter låtskrivarseminaret på Todalshytta i månadsskiftet mai/juni. Dette vart runda av med felles konsert på Gammelfabrikken, der mellom 150 og 200 kom for å høre. Med sterke kort som Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville vart dette ein stor suksess. Torsdag kveld var den same gjengen på scena med Raus-konsert på «Herr Nilsen Bar» i Oslo. Kristen Bruset var der saman med eit 100-tals andre, og har sendt oss bilder frå happeningen.
Les heile sakaPå søndag inviteres alle barn i Todalen til Halloweenparty i Skulstua. Arrangør er Justina på Bjørli saman med Line i Myrmo. Her er det frivillig om ein øsker å kle seg ut eller ikkje.
Les heile sakaNeste uke er Svarrabærje Teaterlag sceneklare med sin revy «Fær å sæi de slik», og billettsalget er allerde godt i gang. I skrivende stund er det ennå billetter att både til premieren onsdag 11. november og til de 3 andre forestillingene på torsdag, fredag og lørsdag kveld. Erfaringsvis går billettene fort unna når premieren nærmer seg, og det kan lønne seg å være litt kjapp for å få en god plassering.
Les heile sakaVekas søndagstur går til gapahuken ved Gråurtjønna (600 moh.) fra parkeringsplass i Fossdalen i Rindal. Dette er ein tur på ca. 3,7 km. med gangtid på 1.15 t. – 1.45 t. Merka sti langs veg i første del, deretter slakt oppover i forholdsvis tørt terreng.
Les heile sakaEndeleg er den nye solsenga på plass i solsengrommet på Hett & Svett. Den gamle solsenga sa nemleg takk for seg tidlegare i år og Todalen idrettslag har vore i marknaden for å skaffe ei ny eller kanskje vi heller skal seie ei nyare solseng. No er ho på plass, og elektrikaren har sørg for oppdatering av installasjonen i solsengrommet – så no er det berre å stille seg i kø.
Les heile sakaEtter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.
Les heile sakaNy månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Send inn bilete til oss på red@todalen.no.
Les heile sakaØkonomigruppa i IL Søya arrangerer årets store basar med inntekt til alle gruppene i idrettslaget i Myrvang søndag 8. november kl 17.30. Her blir det som tidlegare år også utdelt deltakardiplom til alle spelarar i aldersbestemte klassar frå knøttar, til og med G/J12.
Les heile sakaStart 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.
Les heile sakaTrimgruppa saman med ski- og friidrettgruppa inviterte i dag bygdafolket til god gammeldags basar med utdeling av trimkrus og deltakarpremiar til så å seie alle ungane i bygda som gjennom både vinter og sommarsesong har delteke på gruppas arrangement. Desverre var det ikkje så alt for imponerande oppmøte, men dei som kom fekk i allefall støtta eit aktivt idrettslag og ikkje minst treft sambygdingane sine.
Les heile sakaLaurdag hadde G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen si avslutning av ein lang fotballsesong. Dei var samla i Bondehuset i Stangvika, etter at dei fleste av dei tidlegare hadde delteke på IL Surnadal sin BUA-cup med blandalag. I Bondehuset hadde lagledarer og trenarar rigga i stand langbord med servering av både pizza, brus, kaffe og kaker.
Les heile saka