Todalen Sanitetsforening minner om at dei startar opp att med medlemsmøte i kveld klokka 19.30 i Sanitetshuset. Alle medlemmer er velkomne, og dei ønskjer også nye medlemmer hjerteleg velkomne for å sjå kva organisasjonen driv med.Det blir enkel servering, med utlodning til slutt.
Les heile saka
Søndag var det i regi KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) og Norsk Vandrefestival oppsett fellestur til Snota med oppstart frå Vindøladalen. Det var oppsett lokale turledarar som skulle ta dei interesserte trygt tur retur Snota som ligg godt plassert 1668 meter over havet i Trollheimens eldorado.
Les heile saka
For juli kan vi gratulere Tor Hansen som vinnar av månadens bilete med «Ung fisker i solnedgang». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 43 av dei 150 stemmane i månadens avstemning.
Les heile saka
Denne veka vart det lagt spilder nytt tak på Naustådalssetra – tida var koma for det no. – Dei gamle konstruksjonane hadde gjort nytta gjennom mange generasjonar og etterkvart kom det også litt fukt inn. Og når taket ikkje er tett så blir det utriveleg for både hus og folk. Så i år vart bestemt at det måtte takast eit tak, fortel Gudmund Kårvatn.
Les heile saka
– Ein fantastisk tur, seier Marit Hagen frå Hamar som torsdag 6. august gjekk tur retur Bjøråskaret i det flotte sommarveret vi opplevde. Ho har gjennom mange år hadde ein draum om å koma dit ein gong i livet for å finna att eit spesielt motiv som hennar far tok bilete av. På besøk i Todalen fekk ho endeleg dette ønsket oppfylt. Men det krevde stor innsats av ein som er 75 år og ikkje går turar i fjellet kvar dag.
Les heile saka
Eigedommen Byteng Gnr 143 Bnr 13 er lagt ut for muleg sal. Eigedommen ligg i privat bustadfelt i Øyagrenda, og er bygd i 1981 og er oppført i 1 etasje og har full kjellar. Byteng er bygd på sjølveigartomt på 1121 m2 og består av bustadhus med bruttoareal på 137 m2 og tilhørande garasje bygd 1985, med bruttoareal 32 m2.
Les heile saka
Torsdag den 6. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Sjøasetervatnet. Tor Magne Halset hadde ordna med skyss, og han var sjølv sjåfør på bussen og fortalde heile vegen om plassane vi køyrde forbi, ma. om fiske i Karlvika og om opphavet til Eilertholet.
Les heile saka
Kampoppsettet for Søyacupen 22. august er allerede klart. IL Søya tek likevel forbehold om endringer sidan dei er ute i såpass god tid, da det er omlag 2 veker att til sjølve cupdagen. Også i år har dei opplevd stor pågang til cupen, noko som er veldig gledelig. Dessverre fører dette til at dei ikkje har plass til alle lag som har meldt si interesse, og har dermed lag på venteliste. Dei som står på venteliste vil få tilbud om plass dersom nokre lag mot formodning skulle velgje å trekkje seg.
Les heile saka
Laurdag er det gubbetrim igjen, og no intensiverer vi oppkjøringa til returkampen mot Bøfjorden, melder Ivar Helge Kvendset i TILs trimgruppe. Trening foregår på Bordholmen frå kl 12.00 og utover.
Les heile saka
Torsdag kveld var det ny runde på Pakkhuset Kro – Nordmørskveld med gode underhaldningskrefter som fikk til god stemning i eit fullsett festlokale. Det heile starta med traktering med Siri Lunds «patenterte» klippfisksuppe, som etter kvart vart avløyst av flotte kulturelle innslag med lokale aktørar på scenekanten.
Les heile saka
Onsdag vart det arrangert Spansk aften på pakkhuset i Todalen. Sjølv om sommarvêret ikkje var på sitt aller beste, var det likevel god temperatur og opphaldsvêr. Frå mange meters avstand kunne ein høyre den gode stemninga frå teltet på utsida av puben. Rundt seksti todalingar og feriegjestar hadde teke turen for å oppleve den gode stemninga og den eksotiske maten.
Les heile saka
Norsk Vandrefestival er i år i all hovedsak spredt over dagene 1.-15. august, med ein konsentrasjon rundt familiecampen ved Mjølksandbukta i Bøfjorden no i helga. Her skal det enkle friluftlivet levast og nyte i fine omgivelsar ved sjøen og fjellet, skriv dei på si heimeside www.norskvandrefestival.no.
Les heile saka