Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Les heile saka
Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Les heile sakaVår aktivitetskalender er litt slunken for tida. Minner derfor om mulegheitene som medlemmene til todalen.no har til å sette inn sine aktiviteter her. Send oss ein sms eller ein epost så skal vi få det på plass. Kan også ved litt meir informasjon laga førehandsomtaler slik at de er sikre på at arrangementet får den oppmerksomheit det treng.
Les heile sakaTre bugnande basarbord og eit godt utvalg på kjøkkenet gjorde sitt til at årets basar arrrangert av Todalen Sanitetsforening fekk inn nesten 49 000 kroner i Sanitetshuset i går ettermiddag. Ein solid jobb med å skaffe gevinstar gjorde at alle tre basarbord fekk mykje solgte lodd. Saniteten hadde også i år eit ege «Dagens bord» der det var kun dagens besøkande som tok lodd. Dette gjer at ikkje riktig alle gevinstane går ut på felleslista, som stort sett er vanleg ved slike tilstelningar. Også barnebordet var populært, der det er loddsalg for ungar opp til 12 år som kan vinne.
Les heile sakaI dag har vi som fleire kanskje har lagt merke til hatt utfordringar med nettsida vår. Dette kjem seg av ustabilitet hos vår server som vi desverre ikkje rår med. Ei ulempe med dette er at vi ikkje har dekning heile tida, og at vi ikkje får sett opp bildegalleria vår slik som vi brukar. De må nok i alle fall på kommande sak gå inn på kvart enkelt bilde for å sjå dei, samt kommentarane da dei ikkje har «småbilder» som vanleg.
Les heile sakaEin feittfinneklipt laks gikk rett i garnet til stamlaksfiskarane i går kveld. Det var ein holaks som har ”vokse opp” i Rossåa settefiskanlegg og som vart sett ut i Toåa for 2-3 år sia som bokstaveleg talt gikk rett i garnet i Raubekkhølen. Da den vart sett ut var den 2 års smolt, men no var det ein flott laks på rundt 4 kg som kom att.
Les heile sakaFrå måndag 5. oktober justerer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal sine opningstider. Byggmakker er på kvardagar open frå 07 – 17 og laurdag fra 09 – 15, medan Hageland på kvardagar er ope frå 09 – 17 og laurdagar i tidsrommet 09 – 15.
Les heile sakaDet var i dag hektisk aktivitet i Sanietshuset der nokre damer i Todalen Sanitetsforening rigga i stand til basar. For med ei overflod av gevinstar tek slike ting litt tid. Men med lang fartstid, sirlege handskrevne gåvelister og god planlegging blir nok damene klare til årets sanitetsbasar i morgon. Som tidlegare vil det bli eige barnebord og dagens bord som det kun blir solgt lodd på under baseren.
Les heile sakaDet var jamn trafikk oppover Dalavegan i samband med salet på Kårvatn Fjellustyr. Dei fleste var nok utgått på handel, men det var også mange som kombinerte og nytta det fine haustvêret til å ta seg ein tur til Nauståfossen eller oppover lia til Naustådalen. På «låven» hos Kårvatn fjellutstyr var det i allfall mange kundar som var ute etter ein go’handel på klær eller skiutstyr, som fortsett både søndag og heile neste veke.
Les heile sakaTorsdag 1. oktober besøkte stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag bunkerane ved Røsmoen på Skei. Vi startar ved Coop Extra på Skei og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mot Røsmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkerane.
Les heile sakaSurnadal og Rindal revmatikerforening melder om at bassengtreninga i Surnadal symjehall utgår i uke 41, ettersom symjehallen held stengt i haustferien. Frå og med uke 42 er det igjen klart for oppvarma basseng med 34 grader i vatnet og med instruktør Joanna Magdalena Hyllbakk mellom 19.30- 21. Foreninga ønsker også å orientere om den planlagte turen […]
Les heile sakaSom ei oppsummering på sesongen som er ferdig må eg tilstå at eg er litt misfornøgd med sommarvêret vi har hatt i år – spesielt når vi samanliknar med sommaren som var i fjor. Det har medført at vi har stor nedgang i talet på fotturistar og drop-in-gjestar, men lyspunkta har vært laksefiskarane og konsertane.
Les heile sakaMange husstandar i Todalen har dei siste dagane fått brev frå Surnadal kommune vedrørande nye vegnamn. No har redaksjonen også fått tilsett ei komplett liste over dei. I følge oppsettet er det no berre Lauvåskogen, Dalavegen, Sissigrenda og nokre hytter som manglar adresse i Todalen, etter den 22. oktober.
Les heile saka