Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene


Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!

Les heile saka

Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.

Les heile saka

Snøen fikk bein å gå på……

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Dei siste dagane har det på det næraste vore sommartemperatur. Jon Bruset rapporterer 16 varmegrader på det meste heime på Småhjellan. Det er mykje til å være mars månad, men det er slett ikkje den varmaste marstemperaturen som er målt i Brusetmarka. Bla vidare så får du sjå dokumentasjonen…

Les heile saka

Påsketradisjon: Gudsord i friluft…

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Friluftsgudsteneste på Haugligardane har vore tradisjon dei siste 16 åra. Ein gong har vi flytta gudstenesta til kyrkja på alle desse åra, fortel Bernt Bøe, som har vore organist heile denne perioden. Den gongen flytta vi innomhus på grunn av dårleg vêrmelding, men vêret vart betre enn meldt og vi kunne faktisk ha arrangert ute denne dagen og. – Den sikraste måten å få godvêr på er å arrangere friluftsgudsteneste i Todalen gliste han

Les heile saka

Den store sjakkfinalen – Amund vart mester

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Det var knytta stor spenning til den store sjakkfinalen i Todalen ungdomshus 2. påskedag. Etter innleiande konkurransar i Kaffekroken utover heile etterjulsvinteren, var det endeleg klart for å kåre mein mester. Presis kl 16.00 starta både bronsefinalen, der Terje Nordvik og Anders Talgø kjempa om bronseplassen og Amund Talgø og Kristoffer Nordvik kjempa om gull- og sølvplass.

Les heile saka



Hugs: Sommartid frå i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2016

Natt til 1. påskedag er det tid for å stille klokka ein time fram til sommartid. Det skal skje kl 02 natt til søndag og du skal stille klokka fram til kl 03 og dermed blir denne natta ein time kortare enn vanleg, men den timen får du att til hausten.

Les heile saka

Har du mista kniven din?

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2016

Ein flott Helle-kniv vart langfredag funnen i Kleivhaugane.  Kniven vart innlevert til Matkroken Todalen, og du kan få han att der.  Matkroken Todalen er påskeaften open til kl 15.oo og har open kiosk igjen 2. påskedag i tidsrommet 16-18.

 


Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 4

Guro Redalen Laurdag 26. mars 2016

Éi svanesak hadde ikkje Bladfyk fått med seg tidlegare. Med stor interesse las ho at Kårvatn fjellutstyr no hadde inngått ein eksklusiv avtale med den tidlegare svenske skilauparen Gunde Svan. Samarbeidet skulle knytast til ein eigen randonee-kolleksjon med velklingande namnet Rainj du ne.

Les heile saka