Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.
Les heile saka
Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.
Les heile sakaTorsdag var det høgtidleg åpning av Toril Redalen si kunstutstilling STØV i Oslo. Toril har sendt oss nokre bilder frå åpningsdagen. Hovedbildet viser samtidsforfatteren Ole Robert Sunde som les frå teksta si «Støvets Applaus» framfor verket Arbeid 4. Der skimtar vi blant anna verkstadsbenken til Narve Talgø.
Les heile sakaI dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom klokka 13 og 16. Her blir det rå å få seg kaffe og litt godt å bite i godt selskap med eller utan strikketøy. Har du lyst til å strikke til eit prosjekt har foreninga mykje garn på lager som ein kan få å strikke av.
Les heile saka21 personar deltok på stavgangturen sist torsdag. Det var start på Mogstad, og kjentmann og turleiar på turen opp til Leikaren var petter Mogstad som nok er godt kjent i desse traktene.
Les heile sakaSvorka melder no på si heimeside at 18 ansatte er i streik fra 30. september grunna uenighet mellom KS Bedrift Energi og arbeidstakerorganisasjonene i Energiavtale I.
Partene i Energiavtale I har fortsatt ikkje kommet til enigheit i tariffoppgjøret i energisektoren. 16 energiselskap har vore i streik fra 23. september, og det vart varsla om ytterlegare opptrapping frå 30. september.
Les heile sakaSangkoret Tormod melder om at planlagt arrangement på Sagatun i morgon 1. oktober dessverre er avlyst grunna dødsfall.
Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor. Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet. Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve […]
Les heile sakaI Romådalen er det lange tradisjonar for hjortjakt – Johan Halle skaut den første hjorten her straks før andre verdskrig – 10. september 1933 skedde det, fortel jaktdagboka til H&H som har Sverre Grønmyr som kjelde. Organisert jakt vart det først i 1954 iflg. den same jaktdagboka. Halle & Husby jaktlag driv no både hjortjakt og elgjakt i Romådalen, og hittil i år er fangsten vorte 3 elgar og 4 hjortar. Kristen Halle, som er jaktsjef på Halle & Husby jaktlag, har sendt oss nokre bilder frå jakta i år .
Les heile sakaMåndag 17. oktober arrangerer Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte. Det skjer i klubbhuset på Vang skistadion og startar kl 19.30, melder styret.
Les heile sakaTorsdag 29.september kl.18.00 åpner Toril Redalen utstillingen «STØV» på RAM galleri i Kongens gate i Oslo. Hun er nå i full gang med rigging til åpning torsdag, og får god hjelp av kunstnerkollega Tove Lise Røkke Olsen som hun deler verksted sammen med i Trondheim. I utstilingen STØV har Toril arbeidet med støvet som kunstnerisk materiale, og behandlet støv eller leire som noe helt fundamentalt i menneskelivet, som grunnen vi trør, bor på, og dyrker i, støvet som grunnlag for stedets sammensetning, ressurser og identitet.
Les heile sakaMandag kveld sette dei unge fotballspelarane på Todalen sitt knøttelag eit punktum for ein innhaldsrik fotballsesong. Ungane med foreldre og søsken avslutta med ein hyggeleg tur på Ja-benken ovanfor Flathaugen. Gjengen møttes i Jostua og tok turen om Husby Vasslag sitt pumpehus, før turen gjekk vidare om den no merka stien gjennom Petlia, som endar på eit fint utkikspunkt over bygda kalla Ja-benken.
Les heile sakaTorsdag 29.sept.blir det song og musikk i Øye kyrkje. Tidlegare sokneprest Torbjørn Brøske vil med sin lette og inspirerande måte, fortelje om salmediktarane og litt historikk rundt salmane som blir presentert. Det blir mykje allsong der vi gjer oss kjend i den nye salmeboka, fortel kantor Oddveig Helset Halle i ein epost.
Les heile saka