Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga. Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg.
Les heile saka
Det settes stadig større krav til standard og komfort på alle frontar. Bordholmen er slett ikkje noko unntak, og det har Knut & Co i fotballgruppa tenkt å gjera noko med. Berre bla vidare og sjå korleis dei har løyst dette problemet under det store lokaloppgjøret mellom Todalen og Søya.
Les heile saka
Ein grønn puma-jakke vart funnet ved Legdvatnet 10.august. Om det er nokon som saknar den er det berre å ta turen til Andersstua så får du den att.
Førstkommande tirsdag er det oppstart med medlemsmøter etter sommarferien. Sanitetsforeninga ønsker nye og gamle medlemmer hjerteleg velkomne til ein ny spennande haust ilag.
Les heile saka
Sommaren er kort og hektisk når ein tenkjer på beiteseongen i fjellet, og på tampen av sesongen er det alltid spennande å dra på tilsyn. På gårdagens trimtur trefte vi Per Åke Jakobsson på tur ned frå tilsynstur i området ved Sula. Per Åke har over 300 sauer i området, som han jevnlig fører tilsyn med. Torsdag var også sonen Nils Erik og hundane Gaisa og Sita med på turen.
Les heile saka
Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til aktivitetshelg på Vaulen, Nordmarka neste fredag og lørdag (18.-19.8).
Arrangementet er planlagt som ein overnattingstur, men det er selvfølgelig mulig å delta kun på laurdagen om ei ønsker det.
Les heile saka
Førstkommande laurdag kl 14 møtes Todalen og Søya til fotballdyst på Bordholmen. Her blir det nok eit klassisk oppgjør der ingen av laga har tekt seg til hverken uavgjort eller tap. Begge laga har no i følge sikre kilder samla i hop sine fotballspelarar og speler for bygdas ære.
Les heile saka
For eit par veker sia kom det varsel om tømming av septiktanken, med link til heimesida og kart over området. Denne veka har det pågått tømming av septiktankane rundt omkring i bygda. Norva24 Vest heiter firmaet som driv septiktømming, og har base i Stryn. No er det 2 år sia sist dei var her i same ærend.
Les heile saka
Puben på Pakkhuset kro er open fredag kveld 11. august , frå kl 21 og utover, med alle rettigheter. Alle er velkomne!
Les heile saka
Det er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».
Les heile saka
Lørdag 2. september arrangerer Surnadal Sparebank folkefest på Skei i forbindelse med sitt 175 års jubileum. I den forbindelse ønsker vi at så mange av «våre» lag og foreninger deltar i sponsorteltet med stand, og viser fram sin aktivitet for publikum.
Les heile saka
Har du eller nokon du kjenner forlagt sandalane dine i sommar? Det lurer dei ansatte i Todalen Barnehage på. Dei har nemleg funne eit fint sandalpar inne på barnehagens område etter ferien.
Les heile saka