Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjekt å treffast til Rusletur og lunsj!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2019

Sanitetsforeninga inviterte til KløverRUSLEtur og lunsj i Sanitetshuset måndag 26. august. Det vart ein fin dag; sol frå skyfri himmel og vindstille – da er det riktig så fint å vera på Kvennsetørå!

Les heile saka

Anleggsstart for Toåa Tursti

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2019

I dag startar arbeidet med bygginga av Toåa Tursti, som er prosjektert frå Trøbakkan til Båthølen og vidare nedover til Halsabrua. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og er altså i gang med å etablere transportveg frå Trøbakkan og ned til utløpet for Haukåa der det etter kvart skal bli uttak av masse frå Toåa.

Les heile saka

Videoen frå Kårvatn Sky Run er klar – sjå den her!

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2019

Det ble gjort videoopptak frå gårdagens arrangement – Kårvatn Sky Run.  No er filmen klar, og du kan sjå den her på Todalen.no.  Du kan berre klikke på linken for Kårvatn Sky Run, så er du i gang!  Haakon Lundkvist Photography har laga ein film frå dagen. Sjå, nyt og gled deg til neste år, skriv Kårvatn Fjellustyr i sin presentasjon!


Bruk røysteretten din på valdagen, men kva med slengarar?

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2019

I Surnadal er det rundt 4500 røysteføre personar som kan gå til valurnene måndag 9. september. I Surnadal er også vallokalet ope søndag 8. september, der røysteføre frå heile kommunen kan røyste denne dagen. Elles er det mulig å førehandrøyste på kommunehuset fram til 6. september. Reglane for førehandsrøysting på kommunehuset og røysting i institusjonane kan du lese meir om her.

Les heile saka


Søya-cup med mange mål, stor innsats og blide fjes!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. august 2019

Idrettslaget Søya feirar 100 år, og det er ein særdeles aktiv 100-åring! Dagens Søya-sup er nr 19 i rekka og med riktig stor deltaking. Om lag 500 fotballspelarar i alderen 6 til 12 år frå 78 lag møtest til dyst på Søyabanen. Visjonen for turneringa er: » Vi skal skape gode fotballminne».

Les heile saka

Jørgen Kvalsvik vart først i mål på 29 kilometeren – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. august 2019

3 timar, 33 minutter og 16 sekund bruka Jørgen Kvalsvik på 29-kilometeren i Kårvatn Sky Run. Han vart førstemann i mål på den kortaste etappen som går utover gammelseterdalen og til Kårvatn frå posten på Tovatna. På andreplass på den kortaste etappen kom Robert Sørlie på tida 3.39,16 som og er ei sterk tid.

Les heile saka

Kårvatn Sky Run: – De første har passert Tovatna

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. august 2019

De første løparane har passert Tovatna.  Vi har imidlertid kommunikasjonsproblemer med stasjonen der, og har ikkje fått verken bilder eller mellomtider. – Men vi har fått info om at Robert Sørlie har passert – og er på veg utover Gammelseterdalen i retning Kårvatn og målgang der.

 


Kårvatn Sky Run 2019 er i gang – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. august 2019

Så gikk startskotet for Kårvatn Sky Run – dermed er dei 41 løparane på veg frå Kårvatn og opp den bratte lia til Storfjellet. Deltakarane starta friskt ut for å posisjonere seg på den første biten av traseen går etter vegen.

Les heile saka

Håvard vart førstemann til Storfjellet – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. august 2019

Starten for Storfjellet opp gikk presis kl 9.00. Det var 7 deltakarar som stilte til start i trimklassen, og ikkje uventa var det Håvard Gjeldnes som vart førstemann på toppen av Storfjellet, og med eit tidsforbruk på 33 minutt har han sett seg i respekt på denne etappen.

Les heile saka

Kårvatn SkyRun – enno ikkje for seint å delta

Jon Olav Ørsal Fredag 23. august 2019

Fredag kveld stakk vi innom Kårvatn for å ta pulsen på arrangøren av Kårvatn Sky Run. Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag. Det er stort sett same gjengen som utgjør arrangementsstaben i morgondagens arrangement som Norgescupen i Randonee – ein rutinert gjeng som ikkje kvier seg på ein topptur verken sumar eller vinter.

Les heile saka

Vilt og utmarkskveld

Elinor Bolme Fredag 23. august 2019

Viltnemda i Surnadal kommune inviterer til KLØVERSTUKVELD VILT OG UTMARK førstkommende mandag 26. august  kl. 19.30, på Surnadal kulturhus, Svorkasalen. Program: * Foredrag v/ Forsker Erling L. Meisingset, NIBIO. * Vurdering av hjortebestanden i Surnadal. * Status for skrantesjuke (CWD) i Norge. * Ny instruks for føring i «Sett og skutt». * Kort orientering frå fallvilt […]

Les heile saka