Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag 10.: Meir musikalsk fyrverkeri frå TrondheimSolistene….

Steinar Hasselø Fredag 3. januar 2020

Det er på tide å markere at vi har runda eit nytt årsskifte, og TrondheimSolistene vil gjera sitt – som alltid – for å feire dette på Nyttårskonserten fredag 10. januar kl. 19:00 på Surnadal kulturhus.
TrondheimSolistene er så husvarme i Surnadal at dei neppe treng nokon nærmare presentasjon. Men vi må vel pliktmessig ta med ein kort variant: TrondheimSolistene er eit topp, profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er, i tillegg til i Surnadal, også store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet. Punktum.

Trey Lee vart møtt med ståande ovasjonar etter debutkonserten sin i Carnegie Hall; «the excellent cellist», skreiv New York Times og skrytte av kor rikt og lyrisk Trey Lee spelte.

Og akkurat denne spontaniteten gjer det litt vanskeleg å spå kva som skjer når dei kjem hit først på nyåret. Vi veit i alle fall at dei tek med seg ein cellist som er av det mest internasjonale ein kan få tak i:  Trey Lee vart møtt med ståande ovasjonar etter debutkonserten sin i Carnegie Hall; «the excellent cellist», skreiv New York Times og skrytte av kor rikt og lyrisk Trey Lee spelte.
Trey Lee har ein fyldig CV, med ei lang «skryteliste» av konsertar – m.a. inviterte generalsekretæren i FN han til å spele i storstua deira.

Han er eigentleg frå ein by som har dominert media i lang tid, Hong Kong. Musikkutdanning tok han først ved Julliard i New York, og har også studert ved Harvard, konservatoriet i Boston og i Madrid og Køln. Trey Lee har også spelt med TrondheimSolistene før, på hans eigen festival «Hong Kong Musicus Fest» i fjor.

Den andre gjestemusikaren, Nils-Olav Johansen, har ikkje riktig så lang arbeidsveg, i og med at han er tilsett som professor ved Institutt for musikk ved NTNU. Som utøvande musikar er han kjent frå grupper som Farmers Market, Storytellers, Big Bambus og Transjoik. Nils-Olav Johansen er både gitarist, komponist og vokalist – og likar å bevege seg i eit jazzfarga landskap, og pøsar på med fargepalettar frå dalstroka innafor og bergknattar utafor dette. Dette blir spennande!

Først publisert: 3. januar 2020, 12:00 - Sist oppdatert: 5. januar 2020, 13:07