Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferjeskifte på strekninga Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2020

I dag er det ferjeskifte på rute 46 Kvanne – Rykkjem melder Fjord1.  Det er MF Bjørnsund som tek over trafikken her inntil vidare, og dermed får MF Solnør avløysing.  MF Bjørnsund er heller ikkje noko ny ferge, da den vart bygd hos Trønderverftet i Hommelvik i 1979, og altså er berre to år nyare enn Solnør.  Kontrakt er imidlertid signert for ny og elektrisk drevet ferge som skal inn på strekninga Kvanne – Rykkjem etter kvart. 

Bjørnsund er ei litt større ferge enn Solnør, og tek 61 personbilenheter (PBE) og 245 passasjerar, medan det på MF Solnør var plass til 36 PBE og 146 passasjerar. Første dagen på Stangvikfjorden er iallfall vindfull, men MF Bjørnsund har vel vore ute ein vindfull vinterdag før i sin 40-årige karriere får vi tru.

Publisert: 3. januar 2020, 16:17