Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.
Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.
Les heile sakaDen interkommunale legevakta i Orklandsregionen, som Surnadal kommune er ein del av, flyttar inn i nye lokale frå og med torsdag 1. februar klokka 15.30. Ny adresse er Tunvegen 15, 7320 Fannrem. Legevakta vil fram til torsdag 1. februar klokka 08:00 vere lokalisert i dagens lokaler, og flyttar altså til Fannrem klokka 15:30 same dag.
Les heile sakaDet var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt. Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.
Les heile sakaFør helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken. Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak. Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990. Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med.
Les heile sakaFredag 26. januar, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Dette markerer dei med «nyttårstilbod» på grovbrød. Da får du grovbrød til kr. 45,- per brød.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaFrå måmdag 22. januar kl 11:00 vil det bli ordinær ruteplan på sambandet Kvanne – Røkkum. Frå dette tidspunktet er også MF Stangvikfjord på plass for å betjene sambandet.
Les heile sakaSøndag ettermiddag er tre personar tekne av snøras i området Sula/Svinvikbotn. Ifølgje politiet vart dei ført rundt 300 meter nedover fjellsida. Ein person har fått kneskade, og er henta ut av helikopter. Dei ta andre tek seg ned på eiga hand. Så langt er dette alt vi veit om redningsaksjonen.
Romjul i Todalen, fotografert av Ingri Bruset, er kåra til månadens bilete i desember. Neste post på programmet er å kåre det beste bilete i 2023.
Les heile sakaVarsom.no melder om stor snøskredfare på orange nivå for Trollheimen dei komande dagane. Kraftig vind gir stor snøforflytning og mykje skavlar vil bygge seg opp. Det kan være svært lett å løyse ut skred, og skred kan løsne naturleg. Unngå difor leområder der det samler seg fersk fokksnø, anbefaler Varsom.no.
Les heile sakaDa er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen. Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best? – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset.
Les heile saka