Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så bers det til Austlandet med glas- og metallemballasjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. september 2020

Tysdag var Veglo avfallshandtering ein snartur innom Matkroken Todalen for å tømme avfall frå  kontaineren med glass- og metallemballasje som står ved butikken. Mister Snekkestad som var sjåfør på bilen fortalte at han skulle kjøre avfalle til Stjørdal, der det foregår ei viss sortering før det bers sørover til Austlandet med glassavfallet.

Les heile saka

Sterk tid av Kristoffer i Torvikbukt 6 toppar

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. september 2020

Kristoffer Nordvik kom inn på 4 beste under løpet Torvikbukt 6 toppar – nok eit sterkt løp av todalingen som gikk heilt til topps i Kårvatn SkyRun tidlegare i haust.  Det var knappe hundre  deltakarar som starta på tid, og eit hundretal i trimklassen  i Torvikbukt sist helg, skriv Driva på sine nettsider, der dei har ein fyldig reportasje frå arrangementet (pluss-sak). 

 


Kløverturar i september

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2020

Måndag 14. september gjekk Kløverturen i Gammelvegen, eit fint turområde der ein kan variere både turlengde og tal på motbakkar.

Les heile saka

Inviterer til stavgang rundt Glønavatnet

Jon Olav Ørsal Sundag 13. september 2020
Torsdag 17. september inviterer Stavganggruppa til tur rundt Glønavatnet på Nordmarka. Vi parkerer ved veien og starter til vanlig tid, kl 11:00 fra skistadion, skriver Surnadal pensjonistlag i en e-post. Husk å ta med stoler til kaffepausen etterpå!  Vel møtt!

Ekko/Aureosen J12 – Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. september 2020

Dagens andre kamp for Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 vart spela på Ekkobanen kl. 16. Laget spela første kamp på Vestnes Hovedbane kl. 12. Reportasje frå den kampen kan du lese her: Vestnes/Varfjell J12 – Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12. 

Les heile saka


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. september 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. september i Gammelvegen i Svinvikrunden. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Turen startar frå parkeringsplassen i Svinvika ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Eg driv på med dette for å halde liv i meg sjølv…

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. september 2020

Det er lyset som skaper motiva, sa Reidar Østvik, da han laurdag ønska publikum velkomne til fotoutstilling i Finstua i Surnadal kulturhus.  Og 85-åringen veit kva han snakkar om, for han har dyrka fotokunsten heile livet, og ein kan beundre hans evne til å bruke lyset i sine motiv – spesielt portrettfoto.

Les heile saka

Surnadal G10 – Søya/Todalen G9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. september 2020

Fredag kveld spela Søya/Todalen sitt G9/10 lag bortekamp mot Surnadal G10 på Amfi park i Surnadal. Dette er ein kamp som eigentleg ikkje skulle ha vore spelt før 15.oktober, men klubbane vart einige om å flytte den fram med ein månad. 

Les heile saka

– Vi har trua på brua

Stig Husby Fredag 11. september 2020

Etter dagens strategisamling for næringslivet i Surnadal og Sunndal, sit vi igjen med eit stort håp om at Todalsfjordsprosjektet endeleg kan realiserast. No er det berre unnabakkane igjen, fortel daglig leiar Bergsvein Brøske svært så ivrig i sitt innlegg. Frå dagens 500 bilar i døgnet over med ferga, til 1680 bilar i døgnet som kryssar […]

Les heile saka

Spesialrådgjevar Alfred Øverland brukte mykje av sin taletid på Talgø konsernet og dei vekstplanene dei har dei neste åra.

Talgø med behov for 70 nye tilsette dei neste 4 åra

Stig Husby Fredag 11. september 2020

I dag er det strategisamling for næringsutvikling i Surnadal, der SuSu styret har invitert både lokale politikarar, fylkespolitikarar og næringslivet i Surnadal og Sunndal. Hovedtema er næringsregionen Indre Nordmøre inn i framtida, realisering av Todalsfjordprosjektet og vekst i regionen.  Spesialrådgjevar Alfred Øverland frå Innovasjon Norge heldt eit innlegg som i all hovudsak omhandla Talgøkonsernet. Det […]

Les heile saka

Pensjonistar med tur til Hjellnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. september 2020

Torsdag 10. september arrangerte Surnadal pensjonistlag stavgangtur til Hjellnessetra i Todalen. Veret var berre så passeleg med nysnø i fjella, regn og vind. Men ein trimglad pensjonistgjeng let seg ikkje stoppe av litt dårleg ver.

Les heile saka