Ei skiturist pådro seg ankelbrot og måtte ha helikoptertransport for å kome ned frå Nordviksula laurdag ettermiddag. Vedkomande fikk ankelbrot etter et fall, og dermd var det transport ned frå fjellet med det nye redningshelikopteret SARS Queen. Uhellet skjedde ved toppen av Nordviksula – på tur ned frå fjellet.
Les heile saka
Eit oppmuntrande sommartegn er at tida er komen for å stille klokka over på sumartid. Det betyr ein tile fram, og det skal formelt skje kl 02 natt til søndag, og da skal klokka stilles til k 03. Dermed blir det ei uvanleg kort natt som ein eventuelt må kompensere med å legge seg ein time tidlegare eller stå opp ein time seinare. Etter ein lang og kald vinter kan ein no gle seg på mildare vêr og lysare kveldar igjen. God sommar!
«SE VI GÅR OPP TIL JERUSALEM» Slik står det i ein av salmane for fastetida, salme 117 i Norsk salmebok. Den store høgtida påske står for døra, og det blir markert i Stangvik kyrkje onsdag 29. mars kl 19. Då får vi vere med på påskevandring, i ord og tonar, som startar med inntoget i Jerusalem, der Jesus rir på eit esel og folk kastar palmegreiner framføre han.
Les heile saka
Jammen var det godt med ein dag med sol og blå himmel – men det vart fort kaldt dersom du kom litt i skyggen. Venner av Skulstua arrangerte «kaffeslaberas» der ein kunne være sosial og nyte livet – både ute og inne. Både store og småe nytta høvet til å traffast til ein uformell kaffedråpe, og det mangla slett ikke på kaffebrød, der ein kunne finne noko for ein kvar smal – nystekte kanelsnurrar er da slett ikkje verst – heller ikkje sjøkoladekaka som gikk unna som berre det.
Les heile saka
Laurdag var ein ny god dag for dei to som deltek i YWC i Val Louron i Frankrike. Malin Indergård frå Romsdal RK var framme og lukta på pallplassen i klasse U18W, men ved målgang vart det 4.-plass av dei 22 starta i hennar klasse. Erik held framleis forma innafor «top 10» og kom i dag […]
Les heile saka
Laurdag kl 10 lønner det seg å være på plass på butikken på Kårvatn Fjellutstyr! Da startar tidenes påskesalg som også skal markere ein milepæl for butikken som i år fyller 31 år. Plana var å markere 30-årsjubileum i fjor, men covidpandemien sette egentleg ein stoppar for det. – Men no skal vi iallfall markere 31-årsjubileum og da blir ein ekstra prosent i avslag ettersom meir eller mindre heile butikken i dagane fram mot påske går for 31% avslag, seier Gudmund Kårvatn, som er gründeren som starta butikken på låven.
Les heile saka
Nyleg inviterte vi til Åsskard-kyrkja på songdugnad for dei jordskjelvramma i Midt-Austen. No er inntektene talde opp – ein fem kvarters konsert gav 17.280 kroner til Kirkens Nødhjelp. Javisst passar tittelen på konserten – «Ein drope i havet». Folketal som i ein større norsk by omkom. Kirkens Nødhjelp melder om 15 millionar nødlidande berre i Syria. […]
Les heile saka
I dag har det vore full fart i løypa i YWC i Val Louron i Frankrike – Erik Kårvatn og Malin Indergård står på for fullt, men har no forflytta seg til Val Louron i Frankrike. I det fine vårvêret er det Vertical Race som har stått på programmet i dag, og det er kortarma T-Skorte […]
Les heile saka
Onsdag stod Byggmakker Surnadal som arrangør av Byggproff-messe i butikkens lokaler, fortel Konrad Våbenø hos Byggmakker. – Det er viktig å treffast og utveksle erfaring med dei etablerte snekkarane – sjølv om dei er konkurrentar så er det eit utruleg godt miljø snekkarane mellom. Byggmakker serverte viltgryte på heile gjengen, og stilte opp med fleire leverandører som kunne bidra med faglege innslag og informasjon om sine produkt.
Les heile saka
På årsmøtet til Todalen Idrettslag førre onsdag, vart styret sitt forslag om å demontere klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen samrøystes vedteke. Styret fekk ansvaret for å gjennomføre demonteringa og starte arbeidet med å innreie dette til aktivitetsrom for dei yngste medlemmene i laget.
Les heile saka
Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør av Næringslivskonferansen i kulturhuset, der det var deltakarar frå heile Nordmøre og meir til. Det er 19. gong det arrangerast næringslivskonferanse, og samla nok fleire deltakarar enn nokon gong. – Det var eit godt og variert program banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til, der det var aktørar frå både lokale og nasjonale bidragsytarar på scena i Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Det var knytt stor spenning til utdelingen av «Utviklingsprisen» under Næringslivskonferansen som Sparebank1 Nordvest arrangerte i dag. Det er 22. gang at prisen deles ut, og gjennom tiden har det vært mange verdige vinnere. Årets vinner presenterte banksjef Allan Troelsen på følgende måte:
Les heile saka