Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon skjer i år 4. april, då går konfirmantane frå dør til dør og samlar inn pengar som skal gå til det globale arbeidet med å skaffe folk reint vatn og gode sanitærforhold.
Les heile saka
Full dekning gjennom heile tunnelen
Montørar frå TC Connect har i dag oppgradert til full radiodekning med DAB+ gjennom Svinviktunellen. Så om du har ein oppdatert DAB-radio i bilen din, er det no sending gjennom heile tunnelen.
Les heile saka
Gudsteneste med 6-årsbok og kyrkjeskyss
Førstklommande søndag er det igjen gudsteneste i Todalen kyrkje. Da er det utdeling av 6-års bok og soknerådet oppfordrar derfor fadrar og besteforeldre til å ta fylgje med barn og foreldra til
kyrkja.

Med MOT til å sjå kvarandre
I kveld var Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag samla på Surnadal ungdomsskule for å gjennomgå skolering som MOT-ambasadørar i nysatsinga MOT i fritid. Surnadal kommune har i fleire år vore ein MOT-kommune, men kun på ungdomsskulearenaen. No har dei utvida MOT-avtalen med ei 3-årig avtale saman med MOT-koordinatorane Eva Sæterbø og Laila Sollid. Kommunen utfordra Surnadal IL med konseptet, og damelaget i fotball vart eit naturleg valg i det vidare arbeidet.
Les heile sakaProgram for jegerprøvekurs klart
Påmeldinga til tidlegare nemnte jegerprøvekurs i regi Surnadal jeger og fiskeforening nærmar seg. Oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Sjå heile programmet her.
Les heile sakaLågterskel datakurs på onsdag
Treng du hjelp til småting med pc’en din? Eller lurer du på korleis vipps virkar? Eller korleis du lagrar vedlegget frå siste styremøte? Da kan du ta turen til Sanitetshuset onsdag kveld klokka 19 og få litt enkel innføring i ulike ting DU lurar på.
Les heile saka
Toril med nytt kunstnarstipend
Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge i går tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år.
Les heile saka
Hamlets pappa er eit spøkelse
BarneTeatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tirsdag 28. mars med ein leiken vri på ein av dei store klassikerne, mest med tanke på de yngste. Vi har gratisbillettar om du klarer eit lite spørsmål…
Les heile saka
Måndagstur i Gammelvegen.
Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.
Les heile saka
Barn i løypa avlyst i dag
Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.

Dugnad på Skihytta – ny vegg i ein fei…
Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta. Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…
Les heile saka
2772 dagar seinare
I dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.
Les heile saka