Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig […]
Les heile saka
Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til fasteaksjon. Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.
Les heile saka
I onsdagens møte TMN (Hovudutval for teknikk, miljø og næring) vart det gjort vedtak om å byggje ny Øyabru over Toåa. Det var Odd Asbjørn Bævre (AP) og Erik Moen (MDG) som fremma forslaget, seier Lilly Gunn Nyheim som bekreftar at ho har motteke underskriftslister frå folkemøtet i Todalen til støtte for ny bru.
Les heile saka
Trening i Trudvang siste gang før påske. Undertegnede fotograf deltok for første gang i dag, og det kan bekreftes at både pust og muskler fikk «kjørt seg»! Dette er et tilbud som med fordel kan tilbys eldre i kommunen! Det vil være en vinn vinn situasjon for både kommuneøkonomien og oss som brukere. Neste samling […]
Les heile saka
Tysdag kveld kunne leiar John Moe og resten av styret i Todalen historielag runde av nok eit aktivt år. Det er mesta for godt til å tru at historielaget har 187 medlemar, medan det er knappe 300 innbyggarar i Todalen. Det er lett å sjå på oppslutninga til historielaget at Todalingane er opptekne av historia si, og det er bra at historia blir med inn i nye generasjonar.
Les heile saka
Vårjamndøgn er på mange måtar ei lita påminning om at sommaren nærmar seg, men i dag er det ikkje mykje anna som minner oss om sommaren. Her heime er det 7-8 cm nysnø og meir er kanskje i vente utover dagen. Men det spesielle med vårjamndøgnet er at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda. Det skjer den 20. – eller 21. mars kvart år, og no i 2018 skjer det i dag, den 20. mars, og klokkeslettet er 17.16 lokal tid. Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv:
Les heile saka
Onsdag 28.mars er det jule/påske-revy på Ungdomshuset i Todalen. Den årlege julerevyen vart i fjor utsett, og komiteen sett den derfor som lova opp på ny no i påska.
Les heile saka
Norunn Holten ved kulturavdelinga hos Surnadal kommune melder no om at lysløypa oppi Tjønnmyran har kome på nett. Ved å gå inn på loyper.net , kan ein frå sofakroken heime finne ut om det er lenge sidan det er tråkka spor.
Les heile saka
Ungdomshuset var i kveld godt oppfylt etter at John og Ragnhild Moe mobiliserte for å bevare Øyabrua som ei viktig kryssningspunkt av Toåa. Som tidlegare nemt skal Øyabrua sin eksistens opp til avgjørelse i ondagens møte i hovedutval for teknikk, miljø og næring. Mange ser med bekymring på rådmannens forslag til vedtak der restaurering av eksisterande bru ikkje er aktuelt, og eventuelt ny bru skulle takast inn i investeringsbudsjett ved seinare anledning.
Les heile saka
Pakkhuset Kro inviterer til storåpning av påskeferien med den tradisjonelle påskequizzen på lørdag 24. mars. Dørene åpner klokken 20 og de minner om at det er ønskelig med maks 8 stk på hvert lag:) Vinneren får ikke bare en velsmakende premie men også deres teamnavn foreviget på Pakkhusets «Wall of Fame». Det vil også være Åpen […]
Les heile saka
Førstkommande onsdag er framtida for Øyabrua oppe til behandling i møtet for hovedutval for teknikk, miljø og næring. I saksdokumenta som no ligg ute på Surnadal kommune si heimeside er saka godt presentert med nesten 15 sider redegjørelser, rapportar og kostnadsoversikt for ny bru frå firmaet Safe Control. Rapportane er eintydige om at brua fortsatt […]
Les heile saka
Svinviks arboret inviterer til podeverkstad i Svinvika søndag 18.mars kl. 12.00. Der kan du lære å pode ditt eige plomme eller pæretre, eller kome og sjå korleis det blir gjort.
Les heile saka