Trimopplegget til Surnadal pensjonistlag fortsett framover kvar onsdag kl 11.00. Takka vere at Svein Tjelle har teke på seg instruktørjobben, skriv pensjonistlaget i ein epost.
Les heile saka
Trimopplegget til Surnadal pensjonistlag fortsett framover kvar onsdag kl 11.00. Takka vere at Svein Tjelle har teke på seg instruktørjobben, skriv pensjonistlaget i ein epost.
Les heile sakaOnsdag samla Surnadal Sparebank næringslivsfolk og andre interesserte til Næringslivsdag i Surnadal kulturhus. Det er 16. gong banken inviterer til slik samling, som skal være ei inspirasjonskjelde for både næringsliv og politisk miljø. Arrangementet har oppgjennom åra samla kåsører og foredragshaldarar frå øverste hylle og med mange aktuelle tema om økonomi, leiarskap og andre tema.
Les heile sakaDet er artig å høre på folk som kan sitt fag og er gode til å formidle og dele kunnskapen med andre. Kirsty Mckinnon er ein av dei som passar til denne karakteristikken. Grundig, sakleg og god å høre på. Tysdag kveld var ho på Hageland Surnadal med sitt foredrag om hagebruk og formidla gode råd og mykje kunnskap til eit 50-tals hagebruksinteresserte.
Les heile sakaI kveld kl 19.30 er det årsmøte for Todalen.no, og styret håpar at fleire tek turen til Todalen Ungdomshus for å sjå kva som har gått for seg i 2018. Det er dei kommersielle medlemmene som bedrifter, lag og organisasjonar som har stemmerett, men alle våre personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.
Les heile sakaStem på februar sitt månadens bilete
Les heile sakaKløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.
Les heile sakaNo er det aldeles rette tida for å førebu sommarens hagebruk. På Hageland er alle typar frø, både til blomster, grønnsaker og urter på plass i hyllene. Tysdag 5. mars frå kl 18 får Hageland besøk av Kirsty Mckinnon frå Norsøk på Tingvoll i butikken. Ho vil saman med Hubertine Roebroek som er gartner på Hageland vise korleis du skal få godt resultat med såing, prikling og planlegging av kjøkkenhagen.
Les heile sakaToril Redalen og Eduard Ortega har sendt oss eit lite prospekt med eit utleigeobjekt i perioden 1. – 30. april 2019, som ligg sentralt i Todalen. Dei har totalrenovert den gamle husmannsplassen like ved kirka, og ønsker no å leige den ut i kortare periodar.
Les heile sakaStangvik Historielag heldt sitt årsmøte på Stangvik skule den 19. februar, med bra oppmøte. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, bl.a. val, rekneskap og budsjett. Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, overtala både formann og to styremedlemmer til å fortsette. Styret vart da som følgjande: leiar Einar Grønnes, nestleiar Marit Haugen, sekretær Hallvard Kvande, kasserar Rolv Lysø og styremedlem Rolf Smisetfoss.
Les heile sakaLukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Les heile sakaElisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.
Les heile saka