Frå Line Kvendset har vi fått e-post og bilde frå familietreffet som var i Skulstuå sist laurdag. Ho skriv: «Sender nokre bilder frå ein triveleg formiddag i Skulstuå. Vi var 20 personar tilsaman og hadde absolutt eit vellykka arrangement. Det blir nytt familietreff igjen søndag 2. desember kl. 11 Da blir det juleverkstad for dei som vil være med på det, eller du kan berre kom innom på ein kopp gløgg. Vi garanterer god julestemning!» Nedafor finn du bilder frå familietreffet.
Les heile saka
I Brusetnesset blir det nytt fjøstak før vinteren sett inn. Kristen Bruset fortel at fjøset er bygd i 1918, og at det er i overkant av 300 m2 med takplater som no blir skifta ut. Det gamle taket var frå 50-talet, og det no var på tide å skifte det ut, og reknar med at arbeidet er ferdig i løpet av neste veke. Da julestormen «Dagmar» herja i fjor vart det ein liten skade på det gamle taket, men no prøvar dei å sikre det nye ståltaket slik at det skal tåle ein storm av Dagmars kaliber.
Snøen har komme og gått fleire gonger, og gitt tydelege signal om at vi er på veg inn i ei ny årstid. Vinteren står for tur, men først skal vi finne ein vinnar av månadens bilete for oktober.
Les heile saka
Dette bildet har vi fått tilsendt i ein e-post frå Ingri Bruset. Ho skriv:»Eg fann dette bilete i ein gammal album vi har arva etter Helga Gjeldnes (gift Søyseth) frå Oppistua på Gjeldnes. Har lurt på kva for eit hustak vi ser på bilete. Har hatt tankar om at det kunne væra Øya, Øyan eller Pestua? Men svaret dukka opp på baksida av bilete, da eg omsider kom på å ta det ut av albumen!
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet i Todalen ungdomshus onsdag 21. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Kjerringane kokkla og ungane sprang, to sikre tegn på ein vellukka basar då fotballgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte sin basar i Ungdomshuset på ettermiddagen i går. Bortimot 38 000 kom inn, mykje takka eit godt førhandssalg rundt bygda og på butikken i veka før. Mange fine gjevinstar av ulik karakter både for ungar og vaksne hadde komme inn, og gevinsten som fekk mest oppmerksomhet var ei stor bormaskin.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening inviterer til «Forsvarets julegudteneste i Nidarosdomen. Det skjer onsdag 19. desember kl 13.00, og det blir busskyss med start fra Surnadal kulturhus kl 09.00 denne dagen. Påmelding skjer til Olav Jostein Holten tlf 71 66 20 21.
Les heile saka
Kvar søndag morgon kl 9,03 har NRK P1 sending av programmet «Naturens verden». Det spesielle denne gongen er at sendinga som kjem søndag 11.11. mellom anna handlar om lamer i Svinvika. Slå på radioen på P1 kl 9,03 i morgon tidleg, og bli med på besøk i Svinvika hos Sven Olav og Gunn Tove Svinvik.
Surnadal kommune inngjekk avtale om legevaktsamarbeid i Orkdalsregionen (LIO) frå 01.01.2011. Det vart gjennomført ei spørjeundersøking etter knapt eit års drift, men svarprosenten den gongen var så låg at kommunestyret i Surnadal vedtok at det skulle gjennomførast ei ny spørjeundersøking i 2012. Den er no i gang, og det er viktig at du tek del i denne undersøkjinga. Det kan kan du gjera ved å fylle ut elektronisk spørjeskjema her, eller du kan få svarskjema på sørviskontoret på kommunehuset, på helsestasjonen, NAV og legesenteret. Svarfristen er 15. november!
Les heile saka
Torsdag kveld inviterer Todalen skule, biblioteket og FAU bokkveld på biblioteket. Elevane i 5. klassen har pussa opp og ordna nynorskkrok på bilioteket. Dermed blir det offisiell opning av kroken og framsyning av animasjonsfilm denne kvelden. Det blir i tillegg utstilling av lesebøkene til Thorbjørn Egner for å martkere 100-årsjubileet.
Les heile saka
1. og 2. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter hadde hyggeleg besøk frå politiet i dag, Dei snakka om trafikkreglar og bruk av refleks. Alle elevane fekk utdelt refleksvest slik at dei no skal bli godt synlege på mørke haustvegar. Elevane fekk ei påminning om kor viktig det er å bruke bilbelte både i buss og bil.
Les heile saka
Det skjer i Rindalshuset, og det er opa salgsmesse både laurdag 10. og søndag 11. november. Vil du ha litt avveksling frå store kjøpesentra før «julestria» startar kan det være mykje fint å sjå og artig å oppleve med rundt 50 utstillarar fra heile distriktet her. Frå Todalen er det to utstillarar som skal ha stand der, nemleg Wenche Kvendset som stiller med mølsgraut, lefser og litt tå kvart elles. I tillegg er Bernt Jørgensen på plass med sine husflidsprodukt.
Les heile saka