Søndag er det allehelgenssøndag, og Todalen Sokneråd inviterer til allehelgensgudsteneste klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Gudmund Husby og neste års konfirmantar deltek i prosesjon med lystenning.
Les heile saka
Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» inviterer til «Gullkveld» i Bondehuset torsdag 9. november klokka 19:00. Her vil Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter vil her presentere boka Amerikabrev med brev frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og søskena.
Les heile saka
På Hageland Surnadal har dei førebudd seg på jula i lang tid – torsdag 2. november opnar «julebutikken», og da markerast starten med langopen butikk både på Hageland og hos naboen Byggmakker til kl. 20. Heile butikken bognar av julevarer, og du skal jammen være standhaftig og kjempe imot dersom du ikkje kjem i god julestemning når du kjem inn her. Det er no knappe to månader til julaftan, og det er nok mange som tykkjer at dei har god tid på julehandelen enno.
Les heile saka
Tysdag 7. november klokka 12:00 – 13:00 inviterer Nordmørsmusea og Surnadal bibliotea til «Litterært pusterom» på Åsen bygdemuseum. Det blir også kaffestund og ope museum etter det litterære pusterommet.
Les heile saka
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for resten av 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no.
Les heile saka
Heilt sia 2012 har Trollheimsutstillinga vore på flyttefot – i samband med renoveringa av Stangvik skule vart utstillinga demontert og flytta til dei gamle tannlegekontora ved ungdomsskulen på Øye. Etter renoveringa på Stangvik skule vart det aldri plass til å montere utstillinga igjen, og når ombygginga av Surnadal Barne- og ungdomsskule starta for 2-3 år sia, så vart utstillinga flytta nok ein gon – denne gongen til den nedlagte skulen i Bøfjorden.
Les heile saka
I dag starta tre karar frå Todalen historielag arbeidet med å pusse opp loftet i ungdomshuset, slik at Halse-samlinga som i dag er lokalisert i skulen, kan flyttast til ungdomshuset. Dette fordi skulen no er lagt ut for sal, og at Halse-salinga da blir «huslaus». Halse-samlinga har tidlegare vore lokalisert på Haugabu, på Todalshytta, i gammelskulen og i skulen, men blir altså no flytta til ungdomshuset.
Les heile saka
Siste måndagen i oktober var det fint ver, sol og stille, – men mange minusgrader. Ti jenter stilte på rundturen frå Snøya til Hjellnes.
Les heile saka
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil minne alle på at i veke 44 – frå 30. oktober til 5. november – er det viktig at alle set fokus på eigenberedskap. Kvar husstand bør ha vatn, mat, varmekjelder, lys, eigne medisinar med meir til å greie seg i minst fire dagar viss det blir krise.
Les heile saka
Fredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Dersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt. Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen.
Les heile saka