Surnadal kulturhus arrangerer i dag kl.13.30 Onsdagstreff. Dei viser da filmen Kon -Tiki på Kammerset. Det som er nytt er at Svein Sæter vil komme for å prate om den opprinnelige Kon-Tiki ferda. Han har førstehånds kjennskap til dette, han har vore med å skreve bok sammen med ein av deltakerne, Knut Haugland. Han har til og med dagboken hans!! Dette blir etter at filmen er vist.
Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Les heile saka
Vi har tidlegare lest på nettet om at det er svindlarar som lokkar folk i fella med å tilby oppgradering av virusprogram. Måndag fekk vi e-post frå May Elisabeth Holten, som åtvarar mot slike telefonar. Ho skriv: «I helga vart vi oppringt frå telefonnummer 001256781425, og ein vennleg mannsstemme fortalde (på engelsk) at han ringde frå Microsoft Security. Datamaskina vår var ikkje lenger sikker mot virus, så han vllle hjelpe oss med oppgradering! Vi har lest og høyrt at det har vore fleire slike falske oppringingar.
Les heile saka
Sist helg tok eit trettital av dei tilsette på Talgø langhelg og dro på tur til Polen, eller nærare bestemt til Gdansk og omeng. Turen var ei blanding av fagleg studietur og av meir avslappa helgetur med litt kultur på programmet. Torsdag morgan var det avreise med Stenbergsbussreiser til Værnes lufthamn for eit par timars flytur til Gdansk og Lech Walesa Airport. Godt påvendt nordvesten som vi er, vart det eit merkbart klimaskifte da vi kom til Gdansk og fekk oppleve sommarvêret som vi har sakna i heile sommar.
Les heile saka
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Les heile saka
Leder i ski- og friidrettsgruppa, Jorid H Ansnes melder om at det førstkommende onsdag blir lagseriestevne med mulighet for å ta idrettsmerke på Bordholmen. Slik som det ligg an per i dag, kan dette bli det einaste lagseriestevne denne hausten, men er det nokon som ikkje får til å møte for å prøve seg på idrettsmerke denne kvelden, vil gruppa vere behjelpeleg med det seinare også.
Følg med på aktivitetskalenderen her på todalen.no, og butikkdøra på Hals i tilfelle dei dreg til med fleire kveldar.
Da har vi fått hjelp av Øystein Moe til å løyse Trollheimsporten/Edgar Kattem si utfordring frå i går, om kva det var som vart produsert på bildet frå Ansnes Saga. Øystein fortel i ein epost i dag at bildet under viser Nils Olav Talgøy frå Meisingset som gjer den siste finpussen på den 13 meter lange furumasta som Ragnar Torset hadde bestilt til Saga Siglar.
Les heile saka
Vi har fått eit par henvendelsar etter «Dagens bilde» av Kattugla. Den eine er frå Tor Holten, som skriv i ein epost til oss: Biledtet av ugla i dag, 30.08, ser for meg ut til å vera ei haukugle. Ho er ein nomade som streifar vidt omkring etter næring, helst smågnagarar. For ca 30 år sidan såg eg ei i Todalen
Les heile saka
Edgar Kattem har eit oppkom av gamle bilder, og i dag har Trollheimsporten publisert nok eit som er hentyda på Todalen. Dette ser vel ut som er teke på Ansnes Saga? Trollheimsporten lurar på om nokon har meri informasjon om bildet, ikkje minst angående kva som blir produset. HER finn du heile reportasjen frå Trollheimsporten. […]
Les heile saka
Onsdag 5. september startar Eldremiddagen på ein ny haustsesong, melder «eldregeneral» Martinus Torvik. Og dei startar ikkje sesongen med nokon slankemeny, for denne dagen blir det servert «kjøtt å påsse» til hovudrett og riskrem til dessert. Det skjer i Sanitetshuset kl 13.00, med både eldrerådet, ordføraren og rådmannen er inviterte gjestar. Karen Johanne Talgø og Brit Nordvik er kokkar. Vidare utover hausten blir det arrangert eldremiddag kvar onsdag, til dei tek juleferie ein gong i desember.
Start 4 H starta i går kveld så smått på å ordne seg sitt eige klubblokale under eit arrangert medlemsmøte i Skulstuå. Dei har fått lov til å disponere to rom i 2. etasje i Skulstuå, heilt gratis. Desse to romma har dei no tenkt å oppgradere litt, med å slå ut veggen i mellom slik at dei får eit større rom. Her er det dermed høve til laget å lagra alle materiella klubben har, både av oppgavebøker og anna relevant utstyr. Klubben har det siste året hatt fritidsklubb på bordholmen, medan alt av papirmateriale er inne i Todalen Skule.
Les heile saka
Onsdag kveld var det nest siste sykkeltrim i TILs regi for i år. Det er Trimgruppa som har arrangert sykkeltrimmen, som har pågått i vår og i haust men som tok ferie i julimånaden. Onsdag kveld var det fleire som nytta finverskvelden til å ta seg ein sykkeltur i den fine haustkvelden, og med traktering med bakels m/graut og kaffe var det reint så triveleg på Bordholmen.
Les heile saka