I kveld hadde dei om ikkje storfint besøk, så i allefall eit annerledes besøk i boligfeltet på Flathaugen. Thea og Alf Inge Ulvund kom litt overraskande på ei gaupe som spankulerte ved husveggen då dei kom heim i kveldinga. Dei kom på ATV, så gaupa vart naturleg nok redd og stakk til skogs igjen. Alf Inge meiner ut i frå det han såg at det var ei hann-gaupe av brukbar størrelse.
Les heile saka
Søndag 16. dro vi til årets nest siste museumsdag i Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Temaet for dagen var «Om Skarven», ved naturforsker Nils Røv. Museumsdagene i Bøfjorden er noe for seg selv. De startet i 1995, og har seinere vært gjennomført alle søndager hver sommer fra midt i juni måned til ut september. Museet åpner kl. […]
Les heile saka
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar. Vekas kamper er som følgende: TIRSDAG: J12Søya/Todalen – Kvass/Ulvungen kl 18 på Søyabanen ONSDAG: G12 Søya/Todalen- Aure/Tustna/Ertvågøya kl 18.30 på […]
Les heile saka
Laurdag kveld inviterer soknerådet til konfirmantfest i Todalen ungdomshus. Dei skal feire 50-års konfirmantane, altså dei som vart konfirmert i 1962. Det var i 1962 8 konfirmantar i Todalen kyrkje, og alle har takka ja til invitasjon til jubileumsfesta, fortel Terje Nordvik i soknerådet. Årets komfirmantar vil også ta del i jubileumsfesta, og i tillegg inviterer dei alle todalingar til Ungdomshuset denne kveld.
Les heile saka
G19 trefte søndag Ekko/Aureosen i ein målrik kamp på Søyabanen. Sjølv om Ekko var først ute med scoring, var det ein jamn kamp med pausereultat 2-2. Etter pause auka TSKU til 4-2, men Ekko tok seg innat og utligna til 4-4. Men TSKU auka på til 5-4 da det var 7 minutt att av ordinær tid. Sigeren var da innafor rekkjevidde, men Ekko utlikna til 5-5 da kampen var 3 minutt på overtid.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det klart for tjuvstart av KKKK Festivalen 2012 (Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival) i Stangvik kyrkje. Dei kunne lokke med sjølvaste Arve tellefsen som trekkplaster i tillegg til Møremusikarane, Kristiansund Kammerkor og polske solistar for høvet. Dei framførte Ludwig van Beethovens musikk, med eit par romanser i F- og G-dur, med Arve Tellefsen som solist og messe i C-dur med fire polske solistar.
Les heile saka
Laurdag kl 17 blir det høve til å høyre Arve Tellefsen i Stangvik kyrkje. Da «tjuvstartar» han nemleg KKKK festivalen (Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival) med sin konsert i Stangvik kyrkje, der han er solist saman med Kristiansund kammerkor, Møremusikerne og mange andre. Den offisielle opninga av festivalen skjer søndag kl 17 i Kirkelandet kyrkje. Her finn du program for heile KKKKfestivalen, som varer fram til søndag 23. september.
Onsdag 12. september var det styremøte i Nordvik grendalag. Turstier i Nordvikmarka var hovedtema på dette møtet, og i den anledning var Harald Solvik og Bodil Gjeldnes invitert til møtet for å komme med veiledning og gode råd. Etter at leder i grendalaget, Oddvar Mikkelsen, hadde ønsket velkommen og gitt en orientering om videre framdrift […]
Les heile saka
Ein snekkar var uheldig under arbeid på taket på nyfjøset i Viastua torsdag. Dei nylagte stålplåtene vart nok litt glatte i regnværet, og så var uhellet ute og han fall ned frå taket. Han vart nok litt mørbanka av fallet, og fallet medførte brot i eit handledd. Uhellet skal rutinemessig etterforskast skriv Tidens Krav på si nettside.
Måndag 10. september starta årets rypejakt. Det blir rapportert om lite ryper i fjellet, og mange plassar er årets rypejakt rett og slett avlyst. Den seine våren og kalde sommaren må nok ta skulda for dette, og det er nok mange ryper som rett og slett har hatt mislukka klekkjing. I Møre og Romsdal vart det i fjor felt 5900 ryper, og korleis tala blir i år er det ingen som veit.
Les heile saka
Tirsdag 18.september kl. 19.00 arrangerer Todalen Sanitetsforening ope møte i Todalen Ungdomshus.
Sanitetsforeningene i Rindal, Straumsnes, Halsa, Torvik og Øvre Surnadal er også inviterte, men Todalen Sanitetsforening håpar at programmet er såpass interessant at fleire møter opp.
Les heile saka
Måndag var det start på årets elgjakt, og alt kl 9.30 fekk Ola Halle ein 2 1/2 åring på kornet. Ola trefte på elgen i eit furufelt straks innafor Hjellnessetra, og dermed vart det årets første elgfall etter eit velretta skot. Det skjedde rundt 50 meter frå skogvegen som går forbi, og dermed vart det ei grei […]
Les heile saka