Todalen sanitetsforening arrangerer basar i Sanitetshuset søndag frå kl 14, med trekning kl 17. Det er og høve til førehandskjøp av lodd på Matkroken L. Hals i dag, laurdag. Elinor og markus skal selje lodd utover dagen i dag, og dei fortel at det er eit stort antall gjevinstar av mange slag på basaren søndag. Der får du og sjå og kan kjøpe lodd på biletet som Saniteten har fått frå Ingun Redalen White. Det skal trekkjast i samband med eit anna arrangement i desember.
I helga er det mykje som skjer på Kulturhuset. Laurdag kveld er det Gabrielle m/band som gjestar Storstua med konsert. Det er framleis ledig billettar, så her er det berre å hive seg på. Konserten startar laurdag kl 20, og her kan du kjøpe billettar. Søndag kl 20 er det «Tilbake til sangen – En hyllest til Erik Bye» som står på programmet.
Les heile saka
Kall det kva du vil, men Dan Roger Pedersen og Knut Jarle Bergli drar førstkommende mandag i gang med nok en sesong av herretrimmen. De oppfordrer alle interesserte til å møte i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter til fart , moro og litt alvor kl 20. Her blir det ballspill av ymse slag etter som det passer seg med oppmøte.
IL Søya si nettside melder om gapkjøring og øydeleggelsar på Søyabanen. I løpet av det siste døgnet har nokon kjøyrt bil inn på Søyabanen og ødelagt grasmatta. Bilen har kjørt inn over dødlinja og teke fleire rundar i stort fart midt på banen, som naturlegvis har gjort store skader på banen. Om synderen ikkje melder seg innen et par dager vil fotballgruppa anmelde saken skriv dei.
Les heile saka
Ein kronhjort har gått og sprada på ekra fleire kveldar i haust, og han har til om med vist seg fram midt på dagen. Uredd og freidig har han hatt oppvisning for mange, både på Kvennset, på Husby og i Hallagrenda. Har fleire kveldar vore ute på fotojakt, men utan resultat – heilt til i kveld. Eit tips frå Ingri Bruset ga resultat, men før kronhjorten kom i søkaren mørkna det søpass, at det var berre såvidt at det vart resultat.
Les heile saka
Terje Talgø i Talgø Invest er saman med Hege Gåsvand i Gåsvand Eiendom/ Rindalslist i Rindal to fra vårt distrikt som er nominert til til prisen Entrepreneur Of The Year for regionen som omfatter Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag. Prisen innebærer både lokal og nasjonal oppmerksomhet, med muligheter for å styrke virksomhetens image og profil – eksternt som internt, skriv Trollheimsporten i dag.
Les heile saka
Etter eit par dagar med regnvêr utan like, er det endeleg betre langtidsvêr i sikte. På tampen av morgondagen meldes det litt regn, men eller er det berre fryd iallfall fram til onsdag 17. oktober. Vi får berre håpe at yr.no har treft på denne gongen? Dei trefte iallfall på med meldinga sist søndag, da dei meldte til dels store nedbørsmengder for oss på «indre». Etter meldingan på yr.no, skulle det kome 70-80 mm nedbør i løpet av gårdagen fram til midnatt. Dei meldte og at det skulle bli 5-årsflum, men der bomma dei!
Les heile saka
Søndag 14. oktober er det klart for sanitetsbasar igjen. Den blir som før arrangert i Sanitetshuset og startar kl 14, med trekning kl 17. Kommande veke vil det i den anledning bli førehandssalg, både på butikken og rundt bygda.
Ellers melder styret i Todalen Sanitetsforening at dei i år også kjem til å sende julegavar nedover til Estland.
Les heile saka
Treffkvelden som Todalen sokneråd skulle arrangere for konfirmantane er utsett inntil vidare. Konfirmantane i 2013 har no starta førebuinga til konfirmasjonen, og denne treffkvelden skulle være eit ledd i dette arbeidet, og for å bli kjent med eiga kyrkje. Info kjem seinare om ny dato og tidspunkt.
Vi har fått flaumvarsel frå NVE, der dei varslar at det blir store nedbørmengder og fare for at det kan bli 5-årsflaum søndag. Etter værmeldinga på Yr.no startar regnvêret på morgonkvisten og det vil bli store nedbørsmengder fra mot midnatt søndag kveld. Her kan du lese flaummeldinga på NVEs nettsider, og her kan du følgje med vêret på yr.no.
Kvanne/Todalen paintballklubb har opna ny paintballbane på Kvanne. Det er Driva.no som skriv om opning på sine nettsider. Dei har hatt mange støttespelarar for å få til den nye paintballbanen, og no er den endeleg klar til opning, fortel ledar Eirik Johansen. Surnadal kommune støttar banen med 10.000 kroner, Surnadal Sparebank med 5.000 og Talgø med 2.000 kroner. Klubben har også fått 25.000 kroner fra Frie fond. Du kan lese meir om dette på Driva.no.
Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.
Les heile saka