Onsdag hadde Eldremiddagen si første samling i det nye året. Da stod det spekesild, stua kål, potet og raudbetar og «Trondhjemssuppe» på menyen for dei 12 som deltok på middagen. I tillegg vart det køyrd ut middag heim til 3 til. Det var Bodil Kvendset og Jorunn Ness som var ansvarlege på kjøkkenet og som stod for serveringa, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar.
Les heile saka
Herretrimmen, eller gubbetrim som det er betre kjent som, har no starta opp at etter jul. Kvar onsdag kl 20.00 kan ein møta opp for å vera med på trim. Det går normalt i ballspill – fotball, innebandy og volleyball. Onsdag var det særs godt oppmøte med 13 herrer.
Laurdag og søndag arrangeres det renn i skialpinisme på Kårvatn, og Todalen IL oppfordrar lokale deltakarar til å melde seg på. Det er mogleg å melda seg på både trimklassen og i NorgesCup. Laurdag kveld arrangeres det deltakarmiddag på Todalen Brygge.
Les heile saka
Da vil redaksjonen i todalen.no atter en gang oppfordre dere til å sende inn ulike aktiviteter som kan stå i aktivitetskalenderen. Her er det nå tid for ulike årsmøter rundt om i foreningene, og disse vil vi gjerne ha i med. Ellers vil vi gjerne at dere etter hvert som det skjer forandringer oppdaterer oss på […]
Les heile saka
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen markerer seg med 2 spillere i 17-mannstroppen for «Kristiansund» til bylagsturneringen i Sunnmørshallen lørdag 15. januar. Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø har prestert bra i samlingene i høst og vinter, og det er en stor mulighet for at begge to er med i startoppstillingen når de spiller første kamp mot Ulsteinvik (Team […]
Les heile saka
Denne månaden var det Ingvild Kårvatn som vann prisen for månadens bilete, med «Den glade vandrer». Biletet fekk 78 av 172 stemmer, som er det høgaste antallet stemmer vi har hatt i avstemningene. Med det har vi óg fått alle vinnarane frå 2010, som gjer at vi snart sett i gang kåringa av årets bilete.
Les heile saka
Onsdag den 12. januar startar Eldremiddagen oppatt med middagsservering i Sanitetshuset. Denne første gongen serverer Brit og Jorunn furkunnmaten «Spekesild med mykje godt tilbehør, samt Trondhjemssup». Det blir naturlegvis kaffe med noko godt attåt. Vel møtt til gamle og nye gjester.
Les heile saka
Det går mot ein kritisk vinter for rådyr og hjort i distriktet. Kombinasjonen av mykje snø og streng kulde har gjort at det allerei no er mange dyr som har bukka under. Spesielt er dette vanskelig for rådyra, men også dei svakaste hjortane har det vanskeleg. Dei har problemer med å finne mat i skogen på grunn av at både busker, kratt og lyng har isa ned. I tillegg er det også vanskeleg å finne vatn, da mange vasskjelder har tørka inn eller er kjøvd bort. Ragnar Halle, som er ledar i viltnemnda i kommunen, fortel at dei får stadig får rapport om kadaver som er funne.
Les heile saka
Førstkommande onsdag startar fritidsklubben oppatt på Bordholmen. Dette vart eit svært populert tilbod i fjor haust, så Start 4H vil halda fram med arrangementa. Sidan aldersspreiinga var ganske stor, har det no vorte litt annleis tider å opphalde seg der, slik at det blir best mulig for alle. I tillegg blir det til at klubben blir arrangert annakvar onsdag, i staden for kvar.
Les heile saka
Todalen Idrettslag ligg på ein solid andreplass i Møre og Romsdal etter at Norsk Tipping har gjordt opp statusen på fjorårets totale grasrotandel. Grasrotandelen er ei lettent inntekt til lag og organisasjoner som registrerer seg i Frivilligheitsregisteret. Kvar gong ein som har ein registrert grasrotmottakar då tippar, vil 5% av innsatsen gå til «ditt» registrerte lag eller organisasjon.
Les heile saka
Fredag samla Talgø-konsernet alle ansatte i Storstua på kulturhuset for å informere om prosessen med omprofilering av bedriftene. Dette gjeld T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal, Talgø Møbelfabrikk i Todalen og den nye bedrifta Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra. Talgø blir varemerket for alle disse frå D-dagen som er 1. mars, fortel marketingsjef Heid Snekvik i Talgø Invest.
Les heile saka
Arnt Ivar Brøndbo melder om at det er det er kjørt på sport frå Innerdalsmerket, via Tristeinan og til Skihytta på Ørsalfjellet. Det er også kjørt opp spor fra enden av skogsbilvegen i Øyalia og til Skihytta. Han rapporterer om godt skiføre og fine forhold, men oppførdrar alle til å være forsiktige, og ikkje bevege seg inn i rasfarlege områder. Finn fram skiene og dra til fjells!