Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Innhaldsrik songkveld

Innhaldsrik songkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mars 2011

Onsdag kveld var det songkveld i kyrkja, der eit 60-tals tilhørarar fekk ta del i eit triveleg og innhaldsrikt program. Einy Elgsæther har send oss nokre bilde, og ha fortel at det var ein fin og innhaldsrik kveld. I tillegg til korsong og allsong viste Bernt Bøe ein lysbildedekavalkade frå kyrkjas historie, og det var framføring av kantaten «Visst skal våren komme».

Les heile saka

Barn i løypa i kveld!

Barn i løypa i kveld!

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mars 2011

Det blir «Barn i løypa» i lysløypa i kveld kl 18.00.  Leder i skigruppa, Frode Grønmyr, fortel at det er fine forhold i lysløypa no.  Det er fortsatt problem med lysanlegget, men det er no lyst litt utover kvelden. Det kan kanskje være lurt å ta med hodelykt. Elles blir det høve til å ta skimerkeprøven for alle.  Servering av varm saft!


Fastelavn – Fellesmiddag – Forventninger

Fastelavn – Fellesmiddag – Forventninger

Reidar Østvik Onsdag 9. mars 2011

I går var det Feit-tirsdag, og i dag arrangerer Eldremiddagen sin ukentlige middag i Sanitetshuset. Jeg gleder meg, både til muligheten for en hyggelig prat med todalinger, og til en god middag laget av flinke kokker.

Les heile saka

Feittysdag med «Kjøtt & påsse»

Feittysdag med «Kjøtt & påsse»

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mars 2011

På Wikipedia står det: «Fetetirsdag (Feitetirsdag eller feittirsdag, også kalt hvitetirsdag) er dagen før fasten begynner. Fetetirsdag er tirsdagen etter fastelavnssøndag og blåmandag, og dagen før askeonsdag. Datoen for fetetirsdag varierer mellom 3. februar og 9. mars ut fra når påsken faller.

Les heile saka

Søya cup, og anna nyttig info.

Søya cup, og anna nyttig info.

Elinor Bolme Tysdag 8. mars 2011

Frå fotballgruppa i IL Søya har vi fått melding om at dato for den årlege Søya Cupen no er fastsett. Den landa i år på laurdag 20. august.

Ellers er det forespørel om nokon har fotballdrakter til yngre spelarar liggjande, da dei etter oppteling har ein del i manko. Så sitt på nokre du ikkje treng, blir dei glad for å få dei attende, då dei ikkje har planlagt noko nyinnkjøp før til neste år.

Les heile saka

Messe med noko attåt i Stangvika

Messe med noko attåt i Stangvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mars 2011

Søndagsgudstenesta i Stangvik 13. mars blir ei spesiell oppleving. Velkjend liturgi blir utvida med sjølvaste Mozarts “Kroningsmesse”. Først og fremst dreier det seg om ei høgmesse etter vanleg mønster – med tekster, preike og salmesong – som alle vil kjenne seg att i. Men stunda byr på musikkoppleving som overgår kyrkjesøndagar flest. Kristiansund Kammerkor med solistar og orkester framfører nemleg Mozarts vakre og storslåtte «Kroningsmesse» som del av gudstenesta. Peder Rensvik dirigerer – i tett vekselspel med vikarprest Leif Endre Grutle og organist Bernt Bøe.

Les heile saka

Blåmåndag

Blåmåndag

Elinor Bolme Måndag 7. mars 2011

I helga har det vore fastelavn, ei feiring så mange kanskje ikkje held så hardt som før. Sler ein opp i wikipedia, får ein grundig forklart korleis dette heng saman:

Fastelavn kjem av det middelnedertyske ordet vastel-avent, og vart tidligere bruka om aftenen før fasta. Fasta vart innleia oskeonsdag som er onsdagen 6,5 uker før påskedag.

Seinere vart søndagen fleskesøndag

Les heile saka

Karneval i Stangvika

Karneval i Stangvika

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mars 2011

Før helga var det stor ståhei på aldersheimen i Stangvika. Etter suksessen frå fjorårets karneval er det mange som har gledd seg heile året på nytt karneval, og har venta på ny sjanse til å kle seg ut. Den siste tida har det vore planlegging av kostymer og opplegg, og torsdag kom endelg den store dagen. Først på dagen vart tida bruka til sminking og finpuss av kostymer, og utpå ettermiddagen «braka det laus» med full fest.

Les heile saka

Stemningsrapport frå Holmenkollen

Stemningsrapport frå Holmenkollen

Sondre Halset Sundag 6. mars 2011

Eit forrykande Ski-VM i Oslo er avslutta, og eg var så heldig at eg fikk overværa ein av dei mest spektakulære øvingane under VM, herrestafetten 4 x 10 km fredag 4. mars. Som ein av hovudsponsorane av herrelandslaget i langrenn, var BDO, min arbeidsgjevar, ein sjølvklar publikumsdeltakar. Ein gjeng på nesten 30 skiglade folk frå BDO i Trondheim var alle utstyrt i raude Swix dunjakkar, lik dei Det norske skiforbundet har, for visast det skulle vi (men vi fann raskt ut at vi faktisk ikkje var dei einaste i slike raude jakkar…).

Les heile saka

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk. Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå. Last ned plakaten her.

Les heile saka

Vårsnø i store mengder

Vårsnø i store mengder

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Siste døgnet har det snøa jamt og trutt, så søndag morgon var det berre å finne fram snøryddeutstyr og ta fatt på jobben. 15-20 cm med kram og tung nysnø engasjerte mange rundt bygda med både snøskuffe, snøfresar og ikkje minst proffane med store traktorar og ryddeustyr.

Les heile saka