Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Satsar på  20 000 besøkande

Satsar på 20 000 besøkande

Elinor Bolme Laurdag 6. august 2011

I skrivende stund har todalen.no opp i mot 20 bedrifter og 15 lag og organisasjonar som medlemmar. Det har den siste tida vore ei lita auke, noko vi er veldig fornøgd med. Men enno er det plass til fleire. Så om det er nokon som ikkje har fått forespørsel frå oss, er det berre å ta kontakt med redaksjonen så ordnar vi det. Som de ser av logoane på høgre side er det ikkje berre snakk om bedrifter frå Todalen, men også ein heil del frå Surnadal. Men er det nokon som kunne tenkt seg å bli medlem utafor Surnadal kommune er dei òg hjarteleg velkomne!

Vi har ellers også veldig godt besøk inne på sida, med opp i mot 19ooo som bestenotering i juni. Under ser de lista over 10 på topp i forhald til kvar brukarane kjem frå for juli, med 17706 besøkende. I juli hadde vi forøvrig 38 480 sidevisningar. Derfor har styret i todalen.no bestemt at ved første månad over 20000 besøkande blir det gratis kaffe og blautkake på Ica Nær Todalen.

Norge 16 841 

Sverige 183

USA 175

Tyskland 160

Polen 110

(ingen info) 90

Danmark 42

Hellas 32

Spania 12

Russland 10

Ellers er det fortsatt muligheiter for å tegne personlege medlemskap for kr 100 i året. Berre ta kontakt via kontaktskjemaet, red@todalen.no eller personleg kontakt så skal vi ordne det.

 

 

 

Publisert: 6. august 2011, 11:45