Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ventar på kantslått

Ventar på kantslått

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. august 2011

Mange kommunale vegar ventar på kantslått. Dalavegen frå Bruset til Kårvatn er ein av vegane der olderkjerra tek til å vekse innpå vegen. Med den store turisttrafikken opp til Kårvatn, skapar det lett farlege situasjonar og er nok heller ikkje det finaste du kan vise fram til folk som ferdes langs vegane.

Men det er nok ein kamp om tronge budsjett, ein kamp som utkantvegane har lett for å tape. Ein lang og snørik vinter tok nok eit skikkeleg jafs av det kommunale vegbudsjettet tidlegare i år. Vi har fått mange henvendingar om dette, og det blir poengtert at det er andre året på rad at det ikkje har vore kantslått.

På vegen frå Bruset og oppover er det mykje hjort og rådyr som kryssar vegen, og det blir stadig rapportert om farlege situasjonar. Liten fart har nok berga dei fleste situasjonane og hindra påkjørsel.

Bildegalleri frå Dalavegen dokumenterer behov for kantslått.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. august 2011, 18:00