Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.
Les heile saka
På årsmøtet til todalen.no 15.mars vart det vedteke at vi skulle prøva oss på personleg medlemskap. Det vil bli to ulike måtar å tegne dette på; ved bankoverføring, eller ved kontant betaling i «kontrollerte» former. Første gongen det blir høve til kontant betaling vil bli under kioskope 2. påskedag på Hals mellom 16 og 18. Da vil nyvalgt styreleiar Sondre Halset sitja der og registrere dei som ynskjer å teikne medlemskap. Prisen er sett til 100 kr i året.
Les heile saka
Frå Jon Bruset har vi fått e-post og helsing. Bilde er frå langfredag da han var på tur til Skihytta og Ørsalfjellet. Vi legg ut bilda som eit galleri, der du kan studere utsikten og fjella rundt Todalen.
Les heile saka
På Driva.no kan vi lese at Vangsgutane til jul i år kjem med nye historier. Det er teiknaren Ivan Andreassen og forfattaren Sverre Aarnes som har gjort avtale med Fonna Forlag, og plana er at det skal bli årlege utgjevingar. Les meir om dette på Driva.no.
Her kommer fjerde og siste del i påskequizen. Nedenfor finner du oppgaven, og siste ord i setningen. Nå kan du sende svaret du har fått inn til red@todalen.no eller med vårt kontaktskjema før 2. påskedag kl 13.00. Blant vinnerne vil vi trekke ut fem vinnere.
Les heile saka
Her kommer tredje del i påskequizen. Nedenfor finner du oppgaven, og tredje ord i setningen. Ikke send inn svar for hver dag, men vent til 1. påskedag med å sende inn svar.
Les heile saka
Dagens Kjerringdilt gjekk av stabelen på Skihytta i strålande påskesol i dag. Vel 50 mann møtte opp på dette årlege arrangementet til skihytte komiteèn og Trimgruppa. Folk kom både utafrå, innafrå og nedafrå for å prøve å hente heim den gjeve pokalen. Ingen kunne skylde på veret, men føret var kanskje litt kleinare, i allefall i nedoverbakk.
Les heile saka
Det lønner seg å sjå seg litt for når du skal ta ein kafferast mellom snøflekkane. Plassen kan godt være oppteken av ein luring som allereie ligg og solar seg. Vi skvatt mesta til da vi opna e-posten frå Reidar Østvik og kunne sjå rett inn i auga på ein hoggorm. Reidar skriv i e-posten: «Hei alle sammen! Det er mange som sier at påska er sein i år, og det er visstnok riktig, ifølge “reglementet” kan den visst ikke bli særlig seinere. Naturen bryr seg tydeligvis ikke så mye om hva dagene heter, men det er første gangen jeg har funnet to huggormer så tidlig på året.
Les heile saka
Her kommer andre del i påskequizen. Nedenfor finner du oppgaven, og andre ord i setningen. Ikke send inn svar for hver dag, men vent til 1. påskedag med å sende inn svar.
Les heile saka
I og med at påska er så sein i år, verkar det som om påskeutfarten ikkje er like stor som tidlegare år av di det byrjar å bli smått og trått snømessig. Mange oppheld seg derfor mykjegodt nede i bygda og treng kanskje litt alternative utflukter. Rundt om bygda er det sett opp mange fine gapahukar, deriblandt ein i Gunnøya. Denne ligg heilt nedve elva og har plass til mange gjestar ved surt ver, som i dag tildømes. I dag treftest eit par puljer uavhengig av kvarandre her, og hadde det reint så triveleg.
Les heile saka
Eit lite hundretals deltakarar trossa vêrmeldinga med regnbyger og dro til Nordviksetra på seterrenn skjærtorsdag. Yr.no meldte om regnbyger fra kl 12.00 og de første regndråpene kom samtidig med starten på langrennet. Vêret og vêrmeldinga dempa nok publikumstiltrømminga, men den klarte ikkje å dempe steminga for deltakarane. 48 deltakarar på langrennet må ein være nøgd med under slike forhold. Det var sett opp idealtid, der Anita B. Nordvik gikk til topps med eit sekund avvik. I barneklassen var det Jonas Holten som var nerast med 24 sekund i avvik mot idealtida.
Les heile saka
Med påske hører gjerne quiz med, og i år har vi også påskequiz her på Todalen.no i regi Sondre og Mari. Dette vil være av typen man er vant med fra TV-påskenøttene. Quizen vil komme i fire deler, en del hver dag fra i dag frem til 1. påskedag.
Les heile saka