Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!
Les heile saka
Søndag ettermiddag var det stor basarstemning i Myrvang. Det var idrettslaget med fotbalgruppa i IL Søya i spissen som sto for arrangementet, der dei i løpet av kvelden også delte ut deltakarpremiar til alle aktive fotballspelarar frå G/J8, heilt opp til G/J12. Herunder kjem også todalsungane som spelar i klassane G10, J10, G12 og J12.
Les heile saka
Tone Søyset Døving torsdag kveld den nye singel-CD’n «Julenatt – Julesanger fra Nordmøre». Det skjer i Surnadal kulturhus kl 19:00, der det blir ein liten konsert med gratis inngang. Da blir det også høve til å kjøpe plata, og få den signert – ei høveleg julegåve til den som har alt! Julenatt inneheld 2 juleklasikarar; «Mitt hjerte alltid vanker» og «Juleverset», samt den nye songen «Måneskinn».
Les heile saka
For ein måndads tid sia hadde todalen.no er lita sak om om Johan K. som flådde og reinska sauhau, som seinare skulle bli ein delikatesse til middagsbordet. Han ga da sterke signal om at det skulle kome ein ivitasjon til å småke denne delikatessen. Invitasjonen kom i helga, og søndag ettermiddag var det klart for middag med sauhau som meny. Etter at sauhaua hadde koka vel og lenge var det klart for servering, saman med potet, gulrot og kålrabistappe og sjølvsagt tilhørande sauefeitt. Og det var godt!
Les heile saka
I TV-serien «Hunder i arbeid» på TV-Norge er det i kveld kl 19.30 ettersøksjakt som er tema. Opptak til denne serien er gjort i Rodal og Engdal, der Storli Jaktlag driver jakt etter hjort og elg, fortel Ragnar Halle som er jaktsjef i Storli jaktlag. Kanskje blir det todalingar å sjå på skjermen også?
Klubben i mitt hjerte 2011 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet, og her har du anledning til å være med å stemme frem din klubb, og det er muligheter for å vinne sportsutstyr for store verdier. «Stemmelokalet» åpent på Dagbladet.no fra kl.00.01 lørdag 12.november, og her kan du stemme helt til kl.12.00 fredag 25.november. Her kan du enkelt gi din stemme til Todalen I.L.
Les heile saka
Laurdag 19. november arrangerer Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Det å være i beredskap handlar om å være forberedt, og ledar i INF Olav Jostein Holten fortel at årets temamøte er lagt til Todalen denne gongen. Til foredragshaldar har dei fått Anne-Lise Johnsen frå Eide til å kome til Todalen for å orientere om beredskap.
Les heile saka
Avslutningskveld for spillere, trenere og foreldre i Todalen Ungdomshus onsdag 23. november kl 19.30. Foruten mat og drikke, blir det utdeling av diplomer og premier, heder og ære, pokaler til toppscorer og «årets spiller», samt visning av en film fra årets sesong!
I natt har temperaturen har det vore godt under nullen. Den lågaste minimumsterperaturen vi har fått rapport om i morgontimane er mellom 5 og 6 kuldegrader på Kvennset. Den rå skodda vi opplevde i går kveld har nok dekorert både tre, hus og anna ting i løpet av natta i kombinasjonen med nattfrosten. Det er sikkert mange som har vore ute med kamera i dag, og vi tek gjerne mot slike bilde dersom vi får dem i e-postboksen vår i løpet av dagen. Vår e-postadresse er red@todalen.no.
Les heile saka
Kristine Saksen Ulvund og ektemannen Alf Inge har laga tidenes samarbeidsbilde av Todalen. Alf Inge har bore utstyr og fotografert, medan Kristine har redigert bilda og sett dei saman til eitt i stort, der ein ser opp i mot Teljan, til utover mot Stangvikfjorden.
Les heile saka
Vi kan gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete for oktober med «Månelys». Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert snart.
Les heile saka
Dei to siste gongene Strikkekaffeen/Fredrikkekaffeen har vore arrangert har det vore godt oppmøte. Men engasjementet med Amandaprosjektet, der dei strikkar til fortidlegfødte barn, er også stor. Strikkepinnane går heilt klart ikkje berre når dei møtes desse laurdagane i sanitetshuset.
Les heile saka