Etter fleire forespørslar på kva som skjer vidare sidan Todalen fortsatt er utan telefondekning, ønsker Surnadal kommune å formidle informasjon og ringelister til alle dei berørte i Todalen. Surnadal kommune har fått opplyst frå Telenor at mobilnettet i Todalen vil vere oppe igjen i løpet av dagen og fasttelefonnettet innan kl. 16. i morgon 23. februar. Då det […]
Les heile saka
Frå Ålvundfjord Bygdalag har vi fått invitasjon til konferanse om kulturminne og verdiskaping. Det skjer i forsamlingshuset Fossheim i Ålvundfjord, torsdag 15. mars, og det har som målsetting å gje praktisk informasjon og idéar til korleis kulturminne kan takast vare på. Dei kan by på mange kapasitetar som innleiarar, og ber om påmelding til nils.ulvund@sunndals.net innan […]
Les heile saka
Gjennom ei årrekkje har eg hatt gleda av å bli invitert heim til Karen Johanne og Svein Talgø på feittysdag, som også hadde invitert naboar og familie til feiring. Hadde egentleg gledd meg i fleire dagar på «kjøtt å påsse», og endeleg var dagen komen. Menyen var grei: Først var det ertesuppe til forrett. Til […]
Les heile saka
Sjølv om Telenor via Surnadal kommune si nettside lova at telefonnettet skulle vera i orden innan klokka 16 i dag, er fortsatt Todalen utan telefonforbindelse. I dag har NRK Møre og Romsadal endeleg teke turen innover for å laga sak på dette som no byrjar å bli ein farse frå Telenor si side. I reportasjen kom det fram at grunnen til problema låg i nedising av masta på Strengen og farane med klatring under slike forhold som sinkar ei løysing på problemet. Her kan du sjå denne reportasjen som gjekk no litt før 19, som muligens blir sendt på distriktsnyheitetne litt før 21 i kveld.
Les heile saka
Driva melder nå at Todalen forblir uten telefondekning i alle fall ett døgn til. Dette fordi de er avhengige av å frakte utstyr og mannskap til Strengen, der feilen er oppstått. Dette betyr at det kun er dei med IP-telefonar som har dekning i Todalen for tida. Toril Talgø melder til todalen.no om at ho […]
Les heile saka
I helga entra ein gjeng todalingar scena i forsamlingshuset på Terråk i Bindal for å vis fram litt todalskultur. Det er nok Talgøs investering i Bindalsbruket og kontaktane som er knytt gjennom dette samarbeidet som opna muligheita for samarbeid på kulturfronten. Todalingane viste både pols med todalstradisjon, song og musikk og sterke todalsuttrykk gjennom framføringa av ”Ordskiftet” som Leif Halse har skrive.
Les heile saka
Fleire er no oppgitt over seindrektigheita til Telenor/Netcom som gjer at Todalen no ser ut til å måtte vera utan mobilt nettverk utover dagen i morgon og. Kundeservice på Telenor si Facebookside opplyser etter ein henvendelse frå ein irritert kunde frå Todalen at det jobbes med saken, men det tar noe tid grunna avventing av deler som […]
Les heile saka
Elevane i 1.-4. klassen er med i Telysjakta som vert arrangert av IKEA og WWF i samarbeid med Grønt Punkt, Syklus(tidl Norsk glass-og metallgjenvinning) og Hydro.
Vi starta opp med å samle inn telys 1.oktober og skal halde fram til 31. mars. Målet vårt er å samle inn så mange tomme telyskoppar som muleg. Vi tel opp og leverer dei til attvinning.
Les heile saka
Det er roleg ute i provinsane for tida, ikkje minst med ei tid utan mobildekning. Todalen.no tok difor ein liten svipptur i bygda på føremiddagen i går for å sjå kva folk held på med. Å det var fint lite… Gråvêret og eit og anna skirennet på fjernsynet gjorde kanskje sitt til at det var lite folk å sjå etter vegen. Høyrde fleire motorsager undervegs, men såg ingen som kom til dei veksande lunnane som ligg attmed vegen.
Les heile saka
Sender over nokre bilete frå siste veka på skulen.
Elevane er vant til skiftande ver. Etter fleire besøk på Bordholmen og skeiseisen, var det sist måndag såpass mykje snø at den første snømannen kom opp. Det vart starta opp prosjekt på både snøhole og iglo, men vi kan vel seie at desse prosjekta inntil vidare er lagt på is.
Les heile saka
Heile Todalen er fortsatt utan mobildekning idag søndag, både for Telenor og Netcom abonement. Dette berører vel stort sett dei fleste av oss, da det er berre eit fåtal som har fasttelefon i desse tider. Hos Ica Nær og Terje Nordvik gjer dette at kundane ikkje får benytta Postens tenester eller tippa i dag. Då har […]
Les heile saka
I helga er det fastelaven, og som vanleg har Todalen Sanitetsforening laga opp ein heil del fastelavensris som dei i løpet av helga selger på Ica Nær, Todalen. Ein tradisjon som Norske Kvinners Sanitetsforening starta opp med i 1946 og som har heldt seg sia. Som de ser av bildet er det alltid god stemning […]
Les heile saka