Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Prøva seg på svindel

Prøva seg på svindel

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. september 2012

Vi har tidlegare lest på nettet om at det er svindlarar som lokkar folk i fella med å tilby oppgradering av virusprogram. Måndag fekk vi e-post frå May Elisabeth Holten, som åtvarar mot slike telefonar. Ho skriv: «I helga vart vi oppringt frå telefonnummer 001256781425, og ein vennleg mannsstemme fortalde (på engelsk) at han ringde frå Microsoft Security. Datamaskina vår var ikkje lenger sikker mot virus, så han vllle hjelpe oss med oppgradering! Vi har lest og høyrt at det har vore fleire slike falske oppringingar.

Om ein går med på dette, får desse som ringer, og som altså ikkje er frå Microsoft, tilgang til maskina vår. Tor svara ganske kontant at dette var svindel. Vi «googla» nummeret etterpå, og det stemde. Microsoft har gått ut med sterk åtvaring om dette. Dei ringjer ALDRI til folk om slikt! I dag kom det ein ny telefon med dette nummeret, så dei gir seg ikkje! Det kan vel vere fleire som får slike oppringingar, så kanskje det kunne vere greit med ei åtvaring på todalen.no,sjølvom det tidlegare i sommar har vore åtvara om dette i avisar og radio.»   – Så hermed har du altså fått åtvaring!

Publisert: 4. september 2012, 00:23