Denne månaden kan vi gratulere Eirin Torheim Rendal med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Solnedgang på Svinvikhammranj», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Nedanfor ser du […]
Les heile saka
Ukens kupp for den som er på utkikk etter å fornye kjøkkenet sitt, kommer fra feriehuseiere og todalspatriotene Per og Elisabeth Marie Aas som har tilholdssted i Sissibu. Elisabeth håper noen i Todalen eller omegn kan hjelpe dem med å bli kvitt et kjøkken i løpet av helga.
Les heile saka
Som tidlegare annonsert kjem no nye rutetider for både bilferga MF Førdefjord og skyssbåten MS Tollesund, ettersom ferga no har permanent liggetid på Ansnessaga nattestid. Endringane gjeld frå og med i morgon tidleg melder rådmann Knut Haugen.
Les heile saka
Det er framleis problem med å få reisande med skyssbåten til å parkere lovlig ved Svinvika, fortel kommunalsjef Inge Skogheim. Han presiserer at det er parkeringsforbud frå postkassestativet/melkerampen ved fylkesvegen inn til Todalen, og heile vegen nedover til hurtigbåtkaia. Det er parkeringsplassane ved hovudvegen som skal brukast til parkering. I tillegg kan du bruke gammelvegen frå arboretet og oppover Sommarfjøsbakkan (Tulipansvingen).
Seks musikkglade damer besøkjer Todalen med tonar av Henning Sommerro førstkomande søndag ettermiddag. Sigrid Vetleseter Bøe er songsolist med blåseensemblet Henning Qvintetten. Namnet Qvintetten har kanskje dobbel botn: Det er utelukkande «quinder» som trakterer dei fem instrumenta i blåse-kvintetten: Marthe Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Berglind Haldorsdottir (klarinett), Magnhild Tafjord (horn) og Ingunn Fjellang Sæther (fagott). Dei kom saman som som Møre-musikarar.
Les heile saka
BF Førdefjord skal få sitt nattlosji ved kai på Ansnessaga. Frå tysdag kveld vil ferja slippe å gå til Halsa for å legge til kai om natta. Dermed får ferja frigjort til bruk i sambandet mellom Todalen og Kvanne, og kan både starte og avslutte rutetilbodet i Todalen. Tysdag vil det kome nye rutetider som blir gjort gjeldande frå onsdag morgon, fortel kommunalsjef Inge Skogheim i Surnadal kommune.
Les heile saka
Måndag starta skulen på igjen, og da er det berre å konstatere at sommarferien er over for den yngre garde. Kl 8.30 i dag tidleg var heile gjengen samla på skuleplassen og klare til å ta fatt på eit nytt skuleår. Trur faktisk alle var glade for å treffast på skulen igjen, men spesielt var det nok for dei 4 som skulle starte i førsteklassen. Men dei finn nok tonen ganske fort, og det såg ut som klassekontakt Britt Mossing fikk god kontakt.
Les heile saka
Surnadal trenings- og velværesenter er nå i full gang med høstens aktiviteter på treningssenteret på Skei. De aktive damene melder om både Qigong/Mindfulness, GM (rumpe), funksjonell trening – Høgpuls, sirkeltrening, step-timer, styrketimer og dogdeball (kanonball) i tillegg til alle gruppetimene de har fra før.
Les heile saka
Ei klokke er i dag funne i området ved Talgøsetra. Ta kontakt med Matkroken L. Hals, telefon 71 66 38 00 dersom det er klokka di!
BF Førdefjord kom i rute mellom Todalen og Kvanne frå tysdag 13. august. Etter at det vart beslutta å sette inn bilferje på Todalsfjorden medan vegen er stengt, tok det knappe 2 veker frå raset gikk til BF Førdefjord kunne ta premiereturen inn til Todalen for å prøve den nye kaia måndag 12. august. Frå neste morgon starta rutetrafikken med bilferja på Todalsfjorden. I mellomtida hadde landgangsfartyet MS Maursund frakta bilar inn og ut frå Todalen, og bokstaveleg talt fått hjula i gang igjen.
Les heile saka
Denne gangen skal vi bevege oss over fjellet frå Todalen og til Ålvundeidet. Der har Marie Sanden fått kyndig hjelp av oldebarnet Oda Søyset Holmestad til å forfatte siste blogginnlegg for oss. Vi takker begge to for bidraget!
Les heile saka
Etter raset frakta Svorka Energi inn agregat for å etablere straumforsyning i påvente av reparasjon av kraftlinja. Nokre av agregata har etterpå vore stasjonert i Todalen som beredskap. Det store agregatet, samt dieselforyning har stått ved Talgø Møbelfabrikk i denne perioden. Laurdag vart ustyret henta av Erling Søyseth med kranbil og frakta til beredskapslageret i Surnadal.
Les heile saka