Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Henning Sommerro, Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomens Guttekor og Trygve Brøske. Tungvektarar i midt-norsk kulturliv vil vere med og feire at Vårsøghelga i Surnadal i år blir arrangert for tjuande gongen. I 2015 er det òg 70 år sidan fredsvåren 1945, da Hans Hyldbakk sat på heimplassen sin Kleiva og skreiv diktet Vårsøg.
Les heile saka
I Smålandsgrenda er det stor aktivitet på byggefronten. Nerbøen (Skortinn i daglegtale) er under omfattande restaurering, og blir etterkvart mesta som ny. På nabotomta Midtbø (Stuå i daglegtale) er det nybygg på gang – og travelt var det på begge byggeplassane. Kåre Stenberg mura nye murpiper over det nye tretaket i Nerbøen, og i Midtbø vart det klargjort for støyping av ringmur og plate for å sette opp nytt elementbygg.
Les heile saka
Då var avstemninga for månadens bilete for februar ferdig, og vi kan gratulere Anders Gjeldnes som vinnar med biletet «Utsikt frå Skjerdingfjellet». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Siste helg var det mange som nytta det fine vårværet til å kome seg ut – enten til fjell, ller for å pusle med eit eller anna i hagen, – eller til å bli med på den organiserte søndagsturen 52/17, slik som vi! Tok nemleg turen til Betna på søndag, nettopp for å delta på søndagsturen til Bettennesset. Kuldegrader om natta hadde lagt ei tynn ishinne på Betnavågen, og den heldt stand utover dagen sjølv om det vart både sol og litt varme utover dagen.
Les heile saka
På Ansnessaga er dei vant til grove dimensjonar på produkta dei lagar. Da vi stakk innom på fredag, var Ivar Bolme og Råg Mikkelsen i gang med å ta ut ferdigtørka materialar frå tørka. Ein av stokkane utmerka seg med tanke på dimensjon, for det er liksom ikkje kvardagskost med skurlast på 12×16 tommar. Dette er på langt nær nokon rekordstokk, men likevel har den ei lita historie.
Les heile saka
I kveld var det ny runde i den innleiande konkurransen til den store sjakkfinalen som er planlagt til påskehelga. Neste søndagskveld går dei siste innleiande rundane, og spenninga stig for kvar dag som går. Søndag kveld var heile 13 av dei 16 deltakarane oppmøtt i Kaffekroken, som i vinter har vore arena for den store […]
Les heile saka
Dagane er lyse og solrike, og det er tid for å «stikke ut» ein tur. Gammelvegen uti Svinvikhamrane er no heilt bar og tørr, så der er det fint å gå tur no. I dag var May og Tor ute og kosa seg i finveret – dei praktiserer kvardagsrehabilitering på ein fin måte! Oppe på høgaste punktet av vegen er postkassa med «Stikk ut-boka», der kan ein skrive namnet sitt.
Les heile saka
I første del av helga har i underkant av 30 representantar frå 10 ulike ballklubbar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets vore samla på fotballeder 2 kurs på Thon hotel Vårsøg. Dette kurset er arrangert av fotballkretsen og kom i stand etter at fotballeder 1 kurset vart heldt av Knut Haugen i fjor haust. Ein av […]
Les heile saka
Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av april.
Les heile saka
Med sol frå skyfri himmel og temperatur på godt over ti grader, er det fint med ein tur ut for å sjå etter vårteikn. I blomsterhagane finn vi no både julerose, blåveis, snøklokker og krokus. Humler og bier summar rundt. Kvitsymre og hestehov har ikkje dukka fram enno, men hasselen blomstrar.
Les heile saka
Komande søndag går søndagsturen til Betna, med tur til fots rundt Bettennesset. Du kjører til Betna, og tek til venstre i krysset og finn parkeringsplass på skistadion rett nedpå flata der. Det er ein lett tur i flotte terreng – ein tur som passar til alle.
Les heile saka
Med fare for å rote seg bort i gamle, nye og bruka stadsnamn skal dagens storrundt frå Todalen historielag visast frå Lauvåskogan. Her er det store forskjellar i landskapet frå bilda er tekne og fram til i dag, med tanke på antall bustader i alle fall.
Les heile saka