Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si..
Har du noko som kan egne seg, men du synes er for gale å kaste kan det leverast i Sanitetshuset måndag 21. mars kl 17-18.
Kva kan leverast:
•klær dame
•sko dame
•vesker
•accesories
Tenkt pris var 50 kroner per del. Og det må være både reint og heilt. Det som ikkje blir seld, blir sendt til Estland etter påske.
Les heile saka
Gudstenesta i Stangvik kyrkje palmesøndag kveld blir ei vandring gjennom påskebodskapen i tekster, songar og symbol. Stangvik Jentekor har ein viktig rolle – med song og pantomime. Langfredagsdramaet i Bibelen blir framført som veksellesing av «Jesu Sju Ord på Korset» knytt opp til salmen «Naglet til et kors på jorden». Etter pantomime-tolking av oppstoda påskedag munnar […]
Les heile saka
Vi gratulerer Kristine Saksen Ulvund med vinnarbilete av månadens bilete for februar. Premien vil bli overbragt ved første anledning. Redaksjonen takker for alle bileter vi får, og har alltids behov for nye blinkskudd.
Les heile saka
2016 er Stangvikfestival-år, men det er ikkje før 28.- 31. juli. Styret i festivalen tykkjer derfor det er alt for lenge til sjølve festivalen dreg i gang, så dei inviterer til operakafé på Bondehuset i Stangvik i morgon søndag 20. mars.
Les heile saka
Mange har kanskje teke påskeferie allereie og gjort seg klar for årets påskeutfart. Men ingen påske utan påskekrim vil nokon påstå. Både på tv og i bokform. Som tidlegare nemnt kan vi i år óg skilte med vår eigen påskekrim her på todalen.no, etter fjorårets suksess «Kronhjort i måneskinn». Også i år er forfattar Guro Redalen, og ho har dei siste vekene fått på plass dei siste brikkane i eit nytt komplott som vi lesarane blir inviterte til å løysa etter kvart som helligdagane skrid fram.
Les heile saka
Det arbeides jamnt og trutt med kommunerefora. I media kan vi lese referat frå møter og forhandlingar om intensjonsavtalar og forskjellige alternativ som blir lansert og debattert. No er tida komen for å informere «grasrota» om det arbeidet som er gjort og kva som skal skje vidare – mellom anna folkeavstemming. Surnadal kommune inviterer difor til 5 folkemøter rundt i kretsane – dei startar i Bæverfjorden tysdag 29. mars og rundar av i Øvre Surnadal tysdag 5. april. I Todalen blir det folkemøte onsdag 30. mars kl 19.30 i Todalen oppvekstsenter.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr fristar med påskesal no fram mot påske. Det går mot tampen av sesongen, og vi skal etterkvart på plass varer for sommarsesongen, seier dagleg leiar på Kårvatn Fjellutstyr Laila Kvendset Bergli. Laila nemner både skredsøkarar frå 1900 kr, utvalde ski – 60%, Sir Joseph vinterjakkar 15/16-modellar -40%, utvalde dunposar frå Sir Joseph – 40%, […]
Les heile saka
Nordvik grendalag hadde mandag kveld sitt årsmøte, og der tok nestleiar Ola Magne Nordvik over som leiar etter at Ola Nordvik ikkje tok attval. Dette resulterte i ny nestleiar, og som vi ser av tilsendt oppsett vart også sekretæren ny. Vi kan derfor berre oppfordre det nye styret til å fortsette å sende oss stoff om små og store nyheiter frå Nordvik.
Les heile saka
I dag har vi fått ein liten rapport frå Todalen skule før påskeferien. Elevane hadde teke seg ein tur til Pestua for å takke for egga som dei har fått på skulen dette skuleåret. Britt Mossing skriv: «Vi likar godt kokte egg og omelett til lunsjmåltidet. Vi fekk sjå korleis egga vart sortert og pakka. Elevane hadde med påskekort og garnkyllingar som no pyntar opp i hønsehuset».
Les heile saka
Tema for fasteaksjonen i år var «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og tysdag kveld tok dei runden rundt bygda saman med medlemane i soknerådet. Knappe 10.000 kroner vart resultatet av aksjonen, og det er vi veldig godt nøgd med, seier KN-kontakt Ildri Øyen som fortel at innsamlingsgjengen vart godt mottekne i alle heimar rundt bygda.
Les heile saka
Arbeidet med første bindet av bygdaboka for strekninga Åsbøen til Kårvatn er snart i mål. Det foregår no stor aktivitet og innspurt på korrekturarbeidet, og bygdebokkontoret fortel i ein e-post til Todalen.no at det i disse dagar blir sendt ut korrektur enten som e-post eller post. Dei gjer mersame på at det er kort frist på korrekturen – du må respondere innan ei veke! Bla vidare for å lese meir…
Les heile saka
I går kveld og i natt har det pakka seg opp med is og snø i elva ved hengebrua. Regn og mildvêr måndag gjorde at is og snø har lagt seg opp frå Engavet og oppover til hengebrua og til Heggøyan. I morgontimane i dag rann det over elvløpet og etter dyrkamarka utover Hallanesset.
Les heile saka