Halle og Husby Vasslag har sendt ut melding om at abonnentane bør koke drikkevatnet inntil vidare. Siste vassprøve viste eit lite innslag av e-colibakteriar, utan at det er nokon dramatikk i det, seier ledar Gudmund Husby. Sannsynleg vis er det overflatevatn etter regnvêret den siste tida som er årsaka. Det skal takast ny vassprøve i byrjinga av neste veke.

Skjelprøvar av laksen
Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.
Les heile saka
Snodig skjerm vart logisk til slutt
Måndag kveld kom fotballgruppa si nyinnvestering på Bordholmen. Bjørn Hauglann hadde vore på handel, og Knut Jarle Bergli vart den heldige montør. Undervegs i monteringa fekk han mange nyssgjerige blikk frå nokre trimmarar som held til på volleyballbanen. Dei hadde problem med å sjå kva i all verda det var han sette opp. Både dragar, vasski og leskjermar i ulike varianter vart foreslege. Men dette var kun fotball relatert, då det viste seg å vera markørar til trening.
Les heile saka
Månadens bilete: Flott solnedgang
Vinnarens av månadens bilete for juni ble Siv Halle med biletet «Flott solnedgang». Vi gratulerer, og lovar at premien blir overlevert så snart som mogleg.
Les heile saka
Museumsdag på Åsen søndag
Førstkomande søndag (17. juli kl 12-16)) inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Åsen. Her blir det ymse aktivitetar utover dagen, men hovudattraksjonen blir Bjørn Austigard som vil kåsere om temaet «Havre». Det skjer i Røykestova, og på grunn begrensa kapasitet der, vil han halde kåseri i to omgangar – kl 13 og kl 14.
Les heile saka
Fint badevatn rundt småbåthamna
I eit samarbeidsprosjekt med Miljøretta helsevern i Surnadal kommune har TrollheimsLab teke vassprøvar fleire plassar i kommunen for å sjekke kvaliteten på badevatnet. I Todalen er det teke 2 prøvar i området ved badeplassen ved Småbåthamna på Kvennset. Prøvane viser gode resultat, skriv Hanne Waag i ein e-post til Todalen.no. På Trollheimsporten kan du les meir om dette.

Reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland
Fra Lars Stensby har vi fått reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland. Firmaet han er ansatt i har oppdrag for Statkraft der, og gjennom flere perioder skal han utføre oppdrag der. Lars er ansatt i Trondheims-firmaet MainTech og han skriv: «MainTech dro nylig i land en kontrakt med Statkraft om å hjelpe de med vedlikeholdstilpasning av et av deres gasskraftverk i Tyskland. Denne kontrakten beskjeftiger fire medarbeidere fra sommeren, og frem til jul. Arbeidet består av å gjennomgå gassturbinen, kjelen, brennere, dampturbin, kjølesystem pluss alle pumper, ventiler, instrumenter og hjelpesystemer og vurdere om de er kritiske for sikkerheten, miljøet eller produksjonen. Dette er tusenvis av komponenter. Det skal utarbeides et forslag til vedlikehold, slik at sikkerhet og pålitelighet blir slik Statkraft ønsker at det skal være.
Les heile saka
Volleyball i kveld
Ola Kvendset melder om at det er gjort forsøk på å arrangere volleyballkveldar på Bordholmen. Dette er på måndager frå klokka 21 og utover. Det har tidlegare vore sagt oppstart 20, men med håp om å få med enda fleire flyttar dei det no fram ein time frå og med i kveld. Så da er det […]
Les heile saka
Stronk å strakja!
Tone Søyset Døving var overvelda over at Todalen kyrkje i kveld var fullsatt, med bortimot 180 frammøtte som hadde teke turen for å oververa konserten med henne og Trygve Brøske. Det vart ei reise med Tone som artist gjennom 30 år, med den spede start som 6 åring i nettopp Todalen Kyrkje og fram til notidas opptredenar av ymse slag. Ho har ved tidlegare høve hatt mange opptredenar i nettopp Todalen Kyrkje, men i kveld med sin aller første solokonsert.
Les heile saka
Lite hi er helgas blogg
Stine er utvalgt til helgens blogg på nettstedet Ukens.blogg.no. Dette er et sted hvor bloggere som over tid har utmerket seg med gode innlegg får en annerkjennelse, som enda ikke har kommet seg på topplisten, men som sitter inne med et stort potensiale.
Hver uke velges det ut 2 blogger som blir presentert og får publisitet på forsiden av blogg.no.

Endeleg badesesong
Etter ein litt treig start, var denne gjengen no enige om at badesesongen endeleg er starta. Dei påsto det var god temperatur på vatnet, men gåsehuda avslørte dei. Då todalen.no trefte dei hadde dei tilhald ved den gamle industrikaia attmed settefisk anlegget. Dei lika seg her, for her var det så artigt å hoppe kunne dei fortelje, og synte lettbedte fram både framlengse og baklengse saltoar.
Les heile saka
Trollheimsmarsjen – søndag 28. august
Søndag 28. august er det klart for ny Trollheimsmarsj igjen, melder Kari Kvendset i Todalen I.L. Det blir den fjerde i rekkja, og det er lurt å sette av helga til formålet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, med Trollheimstunnelen som sponsor. Årets Trollheimsmarsj følger tradisjonelt opplegg med start på Bordholmen stadion i Todalen og over Vardan til Ålvundeid, der det er målgang på Leikvoll stadion. På turen over fjellet vil det bli arrangert natursti med premiering. Som før blir det busstransport frå Ålvundetet til Todalen både før start og etter målgang.