Søndag 15.april arrangerer koret VOX og jazzgruppa Safari konsert i Stangvik kyrkje. Leiaren for VOX, Åse Torill Solli lovar ein herleg kveld med blanding av gladjazzmusikk av Safari og korsang frå VOX. Koret er ei viareføring av det som ved Surnadal Sparebank sitt store korslag i 2010 kalla seg Feltkoret. VOX kjem til å syngje songar fra bl.a. Hanne Boel, Michael Jackson, Sting, noen søramerikanske salmer og tradisjonell spirituals. Heile 7 av kormedlemmane er solistar på eitt eller fleire av nummera. Naturleg vis med todalsdeltaking.
Les heile saka
Neste veke arrangerer er det «Guttas kveld» på Byggmakker Surnadal. Tysdag 17. april inviteres til eit allsidig program som mellom anna inneheld eit forrykande show med Antons Timbershow, men dei får også besøk frå fleire leverandørar som vil informere om sine produkt. Elles blir det både servering, gratislotteri og demonstrasjonar. Alle er velkomne til «Guttas kveld», men dei vil ha påmelding frå deg som vil delta. Det kan du gjere ved å gå inn på denne linken til ”Guttas kveld”. Programmet startar kl 18.00 og det er gratis.
Les heile saka
Frå Jon Bruset har vi fått ein henvendelse i etterkant av den innendørs friluftgudstenesta. Han undrar seg over avgjerda om å flytte denne innomhus, og håpar på å få svar på dette. Redaksjonen gjengir Jon sin epost i si heilheit:
Les heile saka
Eldremiddagen er i gang med vårsesongen. I dag, 11. april, hadde vi første servering etter påske med Brit og Bodil ved grytene. Hovedretten, over 20 porsjoner, var bakalao med førsteklasses råstoff fra Tustna.
Les heile saka
Det går mot ny sesong for laksefiske i Toåa. Todalen Elveeigarlag melder at tidsrommet for laksefiske i år er fastsett til perioden 15. juni til 15. august. Det er like ens som i fjor. Døgnkvotane blir også som i fjor, nemleg 2 laks og 2 ørret pr døgn. Todalshytta som innkvarterer mange av laksefiskarane opnar også for sesongen den 15. juni, så det er bare å begynne å gle seg til ny sesong. Det er no gått såpass lang tid at det skal være håp for at ein kan rekne med gjenfangst av laks frå smoltutsettinga som har foregått dei siste åra. Kanskje det blir ein knall-sesong?
Todalen.no har vore nede sidan i går kveld, men fungerer igjen no. Vi har kontakta leverandør for å få klarhet i kva som har vore feil, både denne gongen og tidlegare.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening vil også i år arrangere klesinnsaamling til Estland. Datoen for dette har no vorte satt til laurdag 14. april frå klokka 10 til 14. I år er det 5. året saniteten arrangerer dette, og vil som før gå i samarbeid med Estlandsforeninga. Dette har tidlegare år vore veldig populært, med delegasjonar både frå Nordvik, Kvanne og Surnadal.
Les heile saka
Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.
Les heile saka
Men årets påskevêr kjem ikkje innunder den kategorien. Uansett om vi vil eller ei så er høgtida no på hell, og dei aller fleste av oss byrjar på kvardagar med arbeid allereie i morgon. Nokon har naturlegvis halde hjula i gang i påska også, dei bør kanskje ikkje gløymast.
Les heile saka
Todalen sokneråd melder i kveld friluftsgudstenesta som skulle vore på Haugligardane blir flytta til kyrkja, til oppsett tid kl 12.00. Det er i løpet av påska kome mykje snø og det har gjort at det er ugunstige forhold på Haugligardane. Alle er velkomne til Todalen kyrkje til gudsteneste 2. påskedag!
Påskeaftan blir påskehøgtida ringt inn ved kyrkjene landet rundt. Todalen kyrkje er ikkje noko unnatak, og mellom kl 17 og 18 var det god klang i klokka i kyrkjetårnet. Det var som vanleg Kristen Bruset som sørgja for at det var lyd i kyrkjeklokkene ved Todalen kyrkje.
Les heile saka
Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken.
Les heile saka