Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eit sikkert vårtegn…

Eit sikkert vårtegn…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2012

Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.

Les heile saka

Klart til konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Torsdag 26. april 2012

I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort […]

Les heile saka

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2012

Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.


I kveld: Siste ferje kl 21 frå Kvanne!

I kveld: Siste ferje kl 21 frå Kvanne!

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2012

Natt til torsdag skal ferjekaia på Kvanne bygges om, og derfor går siste tur frå  frå Rykkjem kl 20.45 og frå Kvanne kl 21.00 melder Fjord 1. Første avgang torsdag morgon vil gå som normalt. Fjord 1 beklager ulempane dette får for trafikantar og andre.


539 000 til oppgradering

539 000 til oppgradering

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2012

Formannskapet i Surnadal kommune har no i møte frå 24.4.12 bestemt å bevilge 539 000 kroner til opprusting av Todalen oppvekstsenter i forbindelse av at heile elevflokken frå Stangvik oppvekstsenter skal gjennomføre skuleåret 2012/13 her i Todalen. Bakgrunnen for denne flyttinga er totalrenoveringa av Stangvik opppvekstsenter til ca 15 millionar kroner.   Vurderinga til formannskapet er som […]

Les heile saka

Storveies dugnad

Storveies dugnad

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2012

Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.

Les heile saka

I desse dugnadstider…

I desse dugnadstider…

Elinor Bolme Måndag 23. april 2012

Leiar i Todalen Sanitetsforening, Åse Ville Redalen opplyser at det førstkommande onsdag kl 17, og utover blir det arrangert dugnad også i Sanitetshuset. Her er det fliing til vår og konfirmasjonstid som står for døra, samtidig som at alle dei 120 sekkjane med innsamla kleder blir henta denne kvelden. Ta med river og godt humør! Enkel servering.

Les heile saka


Lamminga går mot slutten…

Lamminga går mot slutten…

Jon Olav Ørsal Måndag 23. april 2012

Frå Mari Redalen har vi fått fleire bilde fra lamminga på Trøå. Mari og Ingrid har vore til god hjelp for sambuar og bror Bjørn i lamminga, og har bruka av ferien for å hjelpe til i fjøset. Mari skriv i e-posten til Todalen.no: «Etter mange rundar i fjøset, og mange seine våkenetter begynner det no å nærme seg slutten for lamminga i år. Torsdag passerte vi 100 lam, men det er forsatt nokre etternølarar att.»

Les heile saka

Trimbasar ga over 22.000 – oppdatert

Trimbasar ga over 22.000 – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2012

Den felles basaren for Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa søndag ga ei bruttoinntekt på over 22.000. Det er veldig bra og komiteen fortel at det er spesielt førehandssalet som har vore heilt eventyrleg. I kollisjon med fotballkampen på Bordholmen og det fine søndagsværet så vart det ikkje så mykje folk på basaren i Ungdomshuset. Hovudgevinsten på basaren som var eit gåvekort frå Kårvatn Fjellutstyr, som gikk til Hegernesset

Les heile saka

Sesongstart på Bordholmen

Sesongstart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2012

Den aller første fotballkampen på Bordholmen bekreftar at noer vinteren over og det er vår. Dagens kamp var ein privatkamp mellom Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen (G19) og Søya-Todalen (A-laget). Her var det ungdommane (G19) som trekte det lengste strået og vann 2-0 over A-laget. Første omgang var det lite som skjedde, og det var knappast nokre skot mot mål.  Men […]

Les heile saka

Edelgraner måtte til pers…

Edelgraner måtte til pers…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2012

Frå Kristen Bruset har vi fått e-post bilder frå Svinvika, der ein del 100 år gamle edelgraner måtte til pers før helga. Han skriv. «Det var Skog-kompaniet som har bistått med felling av dei store trær i Svinvika. Her var det flere edelgraner som stod inntil ei bygning på gården. Ett av trærne i denne klynga blåste ned under stormen «Dagmar» og grunneier Sven Olav Svinvik ønsket nå å ta ned alle trærne som kan være en fare for bygninga.

Les heile saka