Puben på Pakkhuset kro er open fredag kveld 11. august , frå kl 21 og utover, med alle rettigheter. Alle er velkomne!
Les heile saka
Puben på Pakkhuset kro er open fredag kveld 11. august , frå kl 21 og utover, med alle rettigheter. Alle er velkomne!
Les heile sakaDet er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».
Les heile sakaLørdag 2. september arrangerer Surnadal Sparebank folkefest på Skei i forbindelse med sitt 175 års jubileum. I den forbindelse ønsker vi at så mange av «våre» lag og foreninger deltar i sponsorteltet med stand, og viser fram sin aktivitet for publikum.
Les heile sakaHar du eller nokon du kjenner forlagt sandalane dine i sommar? Det lurer dei ansatte i Todalen Barnehage på. Dei har nemleg funne eit fint sandalpar inne på barnehagens område etter ferien.
Les heile sakaAllereie første dag etter ferien starta oppfyllinga av tomtearealet ved Talgø MøreTre på Syltøran. Her skal det fylles opp med steinmasse på eit areal på rundt 15 mål, der det skal bli tomt for eit nytt plukklager for materialar på MøreTre. – Dette er ein del av den nye storsatsinga, der Talgø MøreTre skal satse 120 mill. over ein 3-årsperiode.
Les heile sakaFor juli kan vi gratulere Signe Larsen som vinnar av måndenas bilete med «Måse over Todalen». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 87 av dei 216 stemmane i månadens avstemning.
Les heile sakaDet har etter kvart vorte tradisjon med ei kulturell vandring uti Årnesliene i regi av Stangvik historielags turstigruppe på Årnes. I år blir denne turen laurdag den 12. august, med oppmøte ved Grendahuset på Årnes kl. 11.00 (parkering ved Jørristufjøset).
Les heile saka29. august arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening sommertur til Hemne sammen med Nordmøre brigadeveteranforening.
Les heile sakaDagens happening var visning av nytt «Støvbrett» ved Matkroken i Todalen. For å gjera ei lang historie kort så må vi meste fortelje at «Støvbrett» er det same som pickup, og det har sin bakgrunn i at det var tradisjon med å sette utnamn på bilane i gamle dagar. Den første pickupen (les støvbrettet) som Halsbua hadde, var ein ombygd A-Ford som fikk lasteplan – og dermed såg ut som eit støvbrettet. I dag kom altså nr 16 i rekkja, og blar du heilt bakerst finn du rekkefølgen for alle saman…
Les heile sakaKråkerøy vart haket for sterke for G14 Surnadal/Søya/Todalen under dagens finale i gruppespel B. Gutane kjempa godt i begge omgangane, men Kråkerøy fekk betre utteling på sine sjansar og vann komfortabelt 3-0. Uansett har gutane gjennomført årets Norway Cup med stil og kjempeinnsats.
Les heile sakaIvar Waag og John Nordvik gikk i dag nesten til topps under finalen i feltskyting i klassen eldre junior. Ivar tok andreplassen og John tredjeplassen. Gutane representerer Surnadal skyttarlag i ein tropp som tel 16 påmeldte fortel Hanne Waag frå Landsskyttarstemnearenaen i Førde.
Les heile sakaDet er ikkje berre i fotballen lokale idrettsutøvarar gjer det godt. I kveld gjekk Ivar Waag frå Nordvik til topps i klassen eldre junior med fenomenal skyting. Denne klassen er ny av året, og Ivar vart derfor historisk med seieren skriv Det Norske Skyttarvesen på si heimeside no i kveld.
Les heile saka