Terje Nordgarden er en todalsvenn, og kombinerer familieferie og konsert på Todalshytta, som i 2016. Nordgarden har deltatt på låtskriverseminaret RAUS to ganger, og materialet han skrev på hytta er nylig utgitt på det kritikerroste albumet Changes. Nordgardens turne slutter aldri, og han kommer denne gangen direkte fra Italia. Lørdag kveld kan du høre Terje på Todalshytta kl 19.00
Les heile saka
I media kan vi lese om dei ekstreme tørkeproblema i Sør-Noreg som vi og har føling med her på Nordmøre. I dag tromma bondelaga, banken, Landbruk Nordvest, Tine og Surnadal kommune saman til møte for å diskutere problema som har oppstått og eventuelle tiltak som kan gjerast. I Surnadal vil ein avvente 2. slåtten som startar om eit par veker før nevneverdige tiltak settes inn, så dagens møte var meir av førebuande karakter.
Les heile saka
Det er egentlig bra med laks i elva, sjølv om det er lite laks som kjem på land, seier leiar i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. – Vi har i det siste lagt ned ein innsats for å sjekke korleis tilstandene er i elva, og det er overraskande kor mange laksar som står i hølane nedover elva. Det var sjølvsagt variasjon frå høl til høl men jamt over bra, seier Karlsen til Todalen.no.
Les heile saka
Kladdekake kalla dei kaka si dei to ungjentene som satt utanfor Matkroken og freista kundane på tur inn og ut i ettermiddag. Maria Kvendset Bergli og Ylva Synnøve Gjeldnes hadde teke seg tilrette på Sandstadkjøkkenet og trylla fram ei velsmakande sjokoladekake. Dei to er glade i å kokkelere, og kjem nok til å bli habile dugnadsbakarar om nokre år.
Les heile saka
Jarl Goli kjem til Surnadal i midta av august og planlegg eit kinderegg av eit opphald. Og hans tredje ønske er spesielt med tanke på å få med seg ungdommane på noko spennande.
Jarl Goli er eit kinderegg i seg sjølv, da han er både bildande kunstnar, diktar og foredragshaldar. Det er mest den første utgåva vi vil møte i Surnadal i august.
Les heile saka
«Frihet» har Elisabeth Aas kalla kunstutstillinga ho opna på Todalshytta i dag. Ho har vore inspirert av den friheita ho har følt når ho har kome til Todalen. Den friheita har vore med og ført til 6 maleri på lerret som er med på utstillinga, medan resten er foto som er overført på akryl eller på aluminiumsplater.
Les heile saka
Norsk forening for cystisk fibrose, NFCF, var ein av dei to organisasjonene som fekk midlar frå årets Ræta Opp 30. juni. Totalt kom det inn 12.851 kr på Ræta Opp, og midlane vart fordelt på Aktiv for Epilepsi (8.851 kr) og NFCF (4.000 kr). Vi har motteke ei pressemelding frå redaktør Sharon Gibsztein i Norsk forening for cystisk fibrose, med takk og litt info om foreninga.
Les heile saka
Fredag kveld inviterte Surnadal jeger og fiskeforening til sjøfiskekveld på Nordvik. Og med rundt 35 unge deltakarar må det seiast at det vart rekordoppslutning. Alle mann fekk være med ut for å prøve fiskelykka på fjorden, og nesten alle båtane kom inn att med fangst i bøttene.
Les heile saka
Det er bare et par år siden Vamp var på kulturhuset, og stemninga var så overveldende god at gruppa ville tilbake til Surnadal kulturhus igjen denne høsten. Det er det vel grunn til å tro at publikum også vil, for gruppa responderte med en fyrrig og sprudlende konsert av de sjeldne.
Les heile saka
Venneforeninga til Rindal skimuseum inviterte fredag til grautdag. Og i god tid før grautmarsjen vart spela, var tunet fullt av folk. Museumsgjengen måtte ta fram både fleire bord og stolar.
Les heile saka
Jamt i teten denne gangen, men Åslaug Klingen sitt koselege bilete ble denne månadens vinnar.
Les heile saka
Vaksenopplæringa i Surnadal driv mellom anna med språkopplæring og integrering i vinterhalvåret. Sommars tid er det delvis ferietid med typiske sommar aktivitetar og i dag var det tur til Todalen, med innlagt besøk hos ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen, Talgø MøreTre på føremiddagen. Dei fleste av ungdomane som deltok var frå Syria og Afghanistan, og har altså i vinter delteke i skulegang ved vaksenopplæringa i Surnadal.
Les heile saka