Har du mistanke om at du hører dårleg på ei eller begge ørene dine så er det kanskje lurt å teste hørselen din. Dersom du har litt vanskeleg for å fange opp kva som blir sagt og må spørre opp igjen ofte, så kan de være ein liten hørselskade som det kan lønne seg å gjera noko med. Det får du sjansen til under Todalsdagen, for da kjem Hørselhemmas forening i Surnadal hit med testvogna si, og blir ståande på Bordholmen frå kl 10 til kl 15
Les heile saka
Det er alltid et puslespel å få på plass dei 10 laga som skal være med i fotballtureringa Todalscupen som går av stabelen laurdag 30. juni og er ein del av Todalsdagen 2018, seier Terje Nordvik. Han starta alt med arbeidet i januar, og no kan han presentere laga som skal være med og kampoppsetta der første kampen går 9.30 og finalen startar 16.15.
Les heile saka
På Asphaugen er Ivar Hyldbakk i gang med bygging av anneks på fjøstomta og i tilknyting til huset som står der frå før. Per Gjeldnes har tidlegare i vår gjort grunnarbeidet i samarbeid med Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, og dei siste par dagane har dei hatt fullt opp med montering av huselement frå Talgø MøreTre, og da nærast montert elementa etter kvart som dei er produsert på fabrikken på Kvennset
Les heile saka
Under Todalsdagen laurdag 30. juni, arrangerer Todalen I.L. loppemarknad. No kan du starte å sjekke ut både kjellar og loft for å finne aktuelle og salgbare lopper som du ikkje lenger har bruk for.
Les heile saka
Ivar Borthen er veteran i Toåa – etter mange års laksefiske i Toåa kjenner han elva ut og inn, og veit kva han skal friste laksen med og kvar han står og ventar. I dag fikk han iallfall på land to laksar, ein på 4,1 kg og ein på 7,1 kg ved Lakssteinen.
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag melder at de no er i gang med skyteprøve til storviltjakta. Første kveld med skyteprøve er i kveld, måndag 25. juni frå kl 18-20 på skytebanen i Ranheimsvingen. neste måndag den 2. juli er det ikkje skyting, men frå måndag den 9. juli blir det skyting kvar måndag fram til og […]
Les heile saka
Magne Hansen har vore «fast inventar» som speaker på Todalsdagen ei årrekkje. Vi kjenner han frå midtbanen med den berømte klokka si, der han heldt kontroll med både start- og sluttider, og resultat.
Les heile saka
Ski- og friidrettsgruppa minner om lagseriestemnet på Bordholmen måndag kveld kl 18. Dette blir siste arrangement før ferien, melder leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik
Fredag kveld blir det dugnad for å klargjere anlegget på Bordholmen til Todalsdagen laurdag. Det blir rydding og slåttearbeid – kort og godt alt som står att når fredagen kjem. Dugnaden startar kl 18, og vi held på til vi er ferdige.
Les heile saka
Dette er eit nyoppretta samarbeid mellom Todalen Grendautval (tidlegare PT-utvalget) og FAU for Todalen Oppvekstsenter. Todalen Grendautval er formelt ansvarleg for dette nyoppretta prosjektet, som skal bidra til bolyst i bygda i åra framover.
Les heile saka
Over tusen på konsert med Byting og Katastrofe snudde pessimisme til optimisme for laksefestivalen fredag kveld, da vêret vart betre enn meld og det var stor stemning ved hovudscena på torgplassen. Bra besøk var det også på marknadsgata utover laurdagen, og vi trur at folk kosa seg i det travle og litt kaotiske torgmiljøet i torggata.
Les heile saka
Trivelig leilighet med fint uteområde i Kvendset borettslag ligg no ute for salg på finn.no. Leiligheta er oppført i 1998 og består av vindfang, stue og kjøkken i åpa løysning, bad, to soverom, ei bod samt ei utebod.
Les heile saka