Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Infokveld med arkeologane – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

I det nye bustad og hyttefeltet på Øygarden på Nordvik har det verkeleg foregått i sommar. Vatn Maskinstasjon har jobba med infrastrukturen i heile feltet og det har vorte både vegar , vatn og kloakk. Dei har også funne mykje rart, eller rettare sagt gammelt, som har gjort at arkeologane har funne bustadfeltet interessant. – Om det er gamle nordvikgardingar dei har funne det veit ikkje vi, men torsdag 16. august kl 19.00 vil dei iallfall stille opp og informere om sine funn. Nye funn har gjort at dei er komne i tidsnød og derfor startar infokvelden med omvisning i feltet og da gjeld det å kle seg etter forholda! Det er derfor lurt å ta med regnklær eller paraply.

Les heile saka

Sesongstart for stavganggruppa

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2018
Første turmål for «haustsemestret» for Stavganggruppa blir Igltjønna i Rindal.  Torsdag 16. august er det på’n igjen, og frammøtetid er som tidlegare kl 11, og alle, både gamle og nye medlemar er hjartelag velkomne til å delta, melder stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. 

Erik kom på pallen i Børsa

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2018

Under Orkla Sparebanklekene som har vore arrangert på Børsa i helga, var Erik Kårvatn raskast på 800 meter, med tida 2.10.46. Det var små marginer og på andreplass kom Henrik Kvennås frå Byåsen på 2.10.77, berre 31 hundredeler etter. Dette vart ny personlig rekord for Erik, med ei forbetring på 4 tideler.

Les heile saka

Så kom regnet – og flaumen

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. august 2018

Det er vel alle, utan unntak, som har ønska seg regn den siste tida. Og regn det kom det da etter kvart og i rikt monn natt til i dag. Ein kontroll av vassmålaren ovafor Storfossen bekrefta at det har vore skikkeleg nedbør i natt. Vassføringa som i sommar har lege på 1-5 m3/sek var plutseleg på 82,5 m3/sek ei lita stund mellom 3 og 4 i natt. Det er like oppunder verdiane for 5-årsflom, som NVE har sett til 85,6 m3/sek for Storfossen.

Les heile saka

Vandrefestivalen med festivalhelg på Tingvoll

Jon Olav Ørsal Fredag 10. august 2018

Vandrefestivalen har vore aktiv med mange arrangement gjennom sommeren, både i Tingvoll, Surnadal, Rindal og Halsa. Nå er det tid for hovedhelga i Vandrefestivalen. Den arrangeres 17.-19. august og er i år lagt til Tingvoll, og har et rikholdig program – noe for enhver smak.

Les heile saka


Ferien er slutt, ny runde med Kløverturar! Blir du med ut på tur?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 9. august 2018

No er det tid for ny Kløvertursesong. Første turen i haustsesongen blir måndag 13. august. Som vanleg er det oppmøte Halsbua kl. 11.00, og turmålet er Svinvikrunden. Vi kjører i lag frå Hals og utover til Svinvika. Vi går heile eller delar av Svinvikrunden – litt etter ver og form. Er det fint ver, er det […]

Les heile saka

Tapasaften på Pakkhuset kro

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2018

Fredag kveld kl 19 blir det spansk tapasaften på  Pakkhuset kro. Som tidlegare år er det spanske kokkar fra  Holmatrøa som står for bevertninga.

Les heile saka

Svorka si epostteneste avviklast 1.1.19

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2018

Har du epost levert frå Svorka, kanskje med fornavn.etternavn@svorka.net? Ja, da må du innan 1.1.19 ordne deg med ny epost frå ein annan leverandør. Dette fordi Svorka ikkje lenger ønsker å levere denne tjenesta til eksisterande brukarar. 

Les heile saka

Halvdan landar i Bøfjorden!

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2018

Om ein månad er det klart for ny storkonsert på Leikarvollen scene i Bøfjorden. Da kjem sjølvaste Halvdan SIvertsen med turneen «Ennu ikke landa». Til no er ca halvparten av dei 250 billettane seld, så her er det fortsatt rå å få oppleve eit nordnorsk fyrverkeri. 

Les heile saka

Siste ordinære veke i arboretet

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2018

Svinviks arboret minner om at dei er inne i siste veke av sommarsesongen i arboretet for i år. Dei held ope til og med søndag 12.august, og håper at mange vil ta turen innom både hagen og kafeen desse siste dagane. Gode prisar på siste rest av salgsplanter, og gode kaker i kafeen kan dei […]

Les heile saka