Før helga var vi ute med ein konkurranse der du hadde muligheten til å vinne gratisbilletter til kampen mellom KBK og Haugesund den 23. september. No har vi fått resultatet av konkurransen og trekninga, og de heldige vinnarane av gratisbillettane er Gunnhild Sæther og Karen Johanne Talgø.
Les heile saka
Det er oppfordringa frå senterleiar Lorentz Sæter denne veka, før han på laurdag kunngjer kven som blir den heldige vinnar av Amfelia og Oskar-prisen på heile 5000 kroner. Dette er ein heilt ny pris som no deles ut på alle AMFI senter denne veka, i forbindelse med kampanjen Barnas Dager.
Les heile saka
Ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag arrangerer aktivitetar på Tjønnmyrå måndagskveldane. Dette er eit fint tilbud for små og store, og er i staden for lagseriestemne på Bordholmen.
Les heile saka
Tysdag 11. September drog Todalen og Stangvik oppvekstsenter på tur til Kårvatn. Vi tok bussen opp til Kårvatn og starta spaserturen opp til Nauståfossen. Etterpå gjekk vi til gapahuken. Der grilla vi pølse og kosa oss.
Les heile saka
Onsdag 19. september kl 17.30 inviterer Pårørandeforeininga i Surnadal til haustfest i kantina på Surnadal sjukeheim. Dei byr på underhaldning, servering av kaffe med noko attåt. Bebuarar, familie og vener er hjarteleg velkomne!
Surnadal Heimbygdlag inviterer til markaslåttkveld på Mo oppvekstsenter torsdag 27. september. Dei byr på eit allsidig program med både video, tekst og samtale, og det er lærar Oddvar Moen som saman med støttepersonar presenterer eit opplegg som skulen egentlig laga på 1980-talet.
Les heile saka
Laurdag ettermiddage er det elevtreff på Husmorskulen på Halsa. Det skjer i samband med boksleppet for «Historia til Halsa Vidaregåande Skole», som Einar Oterholm har ført i pennen. Denne boka er nærast ei fortsetting av «Historia til Nordmøre Husmorskule». Den nye boka omhandlar altså tida etter at skulen vart fylkeskommunal og skifta namn og driftsform i 1977 og fram til skulen vart nedlagt i 2001. No samlar dei altså troppene og arrangerer elevtreff komande laurdag ettermiddag
Les heile saka
Viktig å merke seg om du brukar biblioteket på Skei: no bør du fylle opp med bøker, for biblioteket vil bli stengt i fem veker frå 24. september. Surnadal folkebibliotek vil bli såkalla «meirope» når dei opnar igjen. Det vil seie at lånarane kan låse seg inn utanom den vanlege opningstida med lånekortet sitt og ein kode (med unnatak av om natta).
Les heile saka
Som tidlegare nemt har ungane i Start 4H hatt samling i helga med både loddsalg og LAN. Vi har fått ein liten rapport både frå Lisabet Storslett som var deltakar, og Ragna og Line Kvendset som var med og held litt oppsyn.
Les heile saka
Laurdag samlast flittige damer til strikkekaffe i Sanitetshuset. Strikkepinnane og praten gjekk lett, og det var stor aldersforskjell på yngste og eldste deltakar – heile 96 år!
Les heile saka
Surnadal Sparebank inviterer alle som vil til en temakveld med den digitale banken og verden rundt oss på agendaen. Anders Gran, salgssjef i Eika vil gi råd og tips til optimal bruk av banken digitalt, men han vil også fortelle om farene som lurer i forhold til falske e-poster, id-tyveri osv.
Les heile saka
I dag var det Maren sin tur til å sitje på Matkroken og selje lodd for Todalen sanitetsforening i forbindelse med foreninga sin årlege basar. Og som de ser, så støttar todalingane velvillige opp, uansett kven det er som har eit arrangement i bygda.
Les heile saka