Nok eit blogginnlegg er klart. Opprinneleg frå Jostua, no busett i Oslo, men ofte observert i det store utland. Velbekomme!
Les heile saka
Ustabilt i NetCom-nettet
Laurdag opplever vi stadige brudd og ustabil dekning i mobilnettet til NetCom i Todalen. Om feilen ligg i basen i Todalen, eller om det er andre plassar, har vi ikkje nokon informasjon om. Det er sjølvsagt same problemet for breibandstrafikken i NetCom-nettet.

Birkebeinerrennet er avlyst
Sterk vind med storm i kasta i fjellet mellom Rena og Lillehammer har gjort at årsets Birkebeinerrenn er avlyst. Det var i år rundt 17 000 deltakarar som skulle delta i årets renn, og det rennleiinga vurderte det som uforsvarleg å sleppe så mykje folk til fjells slik tilhøva var i dag tidleg. Det er venta at vinden aukar utover dagen. Det er nok mange som er skuffa, etter å ha førebudd seg på Birken i vinter, deriblant veteranen Johan Kvendset som sjølvsagt var påmeldt.
Les heile saka
Laurdag: Cafe Dala feirer snøen……
Denne helga skulle det vore Norgescup i Randonee på Kårvatn. Snøen kom for seint, men butikken på låven Kårvatn Fjellutstyr er ikkje rådlause av den grunn. Arrangement blir det i alle fall, sjølv om det blir litt annleis enn tiltenkt. I ein e-post til Todalen.no skriv Gudmund Kårvatn: «Vi feier snøen, og Ingvild kjøyrer på med Café Dala laurdag 11-14.
Les heile saka
Bli medlem du óg!
Mange har i desse dagar fått post frå todalen.no. No er tida inne for å fornye sitt personlege medlemskap hos oss. Dei allereie 120 medlemmene har no fått faktura. Skulle det vere andre som føler for å bidra er dei hjertelg velkomne til det. For ein hundrelapp støttar du opp om nettstaden som no snart har vore i drift i 5 år.
Les heile sakaNokre problem med sida denne veka
Dei mest oppmerksame såg ganskje at innhaldet på forsida var noko ustabilt dei fyrste dagane av veka. Dette var forårsaka av at databaseserveren som Todalen.no gjekk ned på måndag kveld, og den blei gjenoppretta litt for langt tilbake i tid. Vi ba om å få den siste versjonen oppretta slik at sakene frå måndag blei med, men ynskja fortsatt å leggje ut nye saker. Når korrekt database blei oppretta, gjorde det at det nye vi hadde lagt inn forsvann.
No skal dette vera i orden, og vi har forhåpentlegvis fått lagt ut alt innhaldet som skulle vore der. Har du gått glipp av nokre av dagens bilete, kan du sjekke ut tidlegare bilete i arkivet.

Det lir mot vår og våronn
Våren er emning, med opp i mot 10 grader på dagtid og tidvis lauvsprett i følge hovedbildet. Dette gjer at nokon allereie har teke første vårpuss i hagen, medan andre faktisk har begynt å ha ut husdyrgjødsel. Fleire todalen.no har snakka med har stussa på dette, og etter ein henvendelse til jordbrukssjefen i Surnadal kommune fekk vi ei oppklaring.
Les heile saka
Songkveld med korsong – og årsmøte
Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.
Les heile saka
Din pensjon i fokus
Surnadal Sparebank inviterer alle interesserte til ein temakveld med fokus på pensjon og de ulike ordningene som berører emnet i banken på Skei onsdag 26. mars kl. 19.00. Bør jeg spare selv? ved Gunnar Birkevold, Eika Kapitalforvaltning.
Det står mykje i media om Folketrygden, at den er vorte dårlegere og dårligere, og at folk må være obs på dette. Alle arbeidstakere har krav på pensjonsordninger gjennom jobben, som skal spes på det de får fra det offentlige. Det vi ser, er at desse ordningane vil gi eit heller beskjedent tillegg når den tid kjem.
Les heile saka
Hjelm og visir redda livet…
Bruk av fullt verneutstyr var nok avgjørende da en vedhoggar i Todalen skadet seg stygt ved bruk av motorsag onsdag i kveldinga. Ambulansetjenesten var raskt på pletten, men med skader i ansiktet og stort blodtap var det nødvendig med hjelp av helikoptertransport på veg til sjukehuset. Vedkomande vart operert ved ankomst til sjukehuset og tilstander er no etter forholda bra.

Norskkurs på kveldstid
Kvar mondag og onsdag er det arrangert norskkurs ved Todalen Skule. Dette etter initiativ frå Folkeakademiet i Surnadal, da det har vore stor etterspørsel blandt ganske mange framandspråklege innbyggjarar i Todalen. Olaug Roaldset er undervisningsansvarleg og tilsett som lærar av Folkeakademiet. Ho er for tida busett i Trondheim og pendlar til Todalen for å undervise tre timar to kveldar i veka.
Les heile saka
Ikkje dametrim dei to første torsdagane
Turid Hals Sæther melder at dametrimmen går ut både førstkomande og neste torsdag. Det blir torsdag 13. mars, og neste torsdag 20. mars, slik at neste trimkveld for damene blir 27. mars kl 20.00