Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brann i trafo ved Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. november 2026

Ein brann i ein trafo ved Todalshytta mørkla det meste av brusetgrengda litt etter klokka 18 no i kveld.  Folk frå Svorka var raske på pletteen og fekk kobla frå strumen, slik at brannen ebba ut av seg sjølv etter ei lita stund.  Truleg var det ein feil i sikringsboksen som gjorde at den gjekk varm og tok fyr, og ei naturleg årsak er nok overbelasting i samband med kulda.

Forkola restar av sikringsboksen i trafoen som brann. Foto Jon Olav Ørsal

Åsmund Longva frå Svvorka fortel at det er berre dei som har strum frå denne trafoen som no er utan straum, og han lovar at alle skal få strum igjen i løpet av kvelden – vaktmannskapet på Svorka er alt på veg til Todalen med utstyr som skal skiftast ut i trafoen, fortel Longva. 

Mørkt og kaldt på Todalshytta i kveld – Arve Evensen fortalte at han har 7 overnattingsgjestar i natt, og at han håpa at reparasjonsarbeidet er fort unnagjort.  To store varmepumper står og ventar på straum på Todalshytta.  

I løpet av eit par timar var straumen attende for abbonnentane i Brusetgrenda, opplyser Svorka.

Først publisert: 24. november 2026, 19:08 - Sist oppdatert: 26. november 2026, 08:01