Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer tysdag 14. juni til tur til Kristiansvarden. For ukjente, så ligg Kristiansvarden opp mot toppen av Skarfjellet i Søyådalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.
Herifrå blir det samkøyring til Kvendbø, der turen går vidare opp bomvegen til Kvenndalen og vidare opp ny bomveg til det blir parkert.
– Derifrå er det sti oppover til varden. Fin utsikt frå toppen og ein bra tur!, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Blir det mot formodning dárleg vêr, går vi oppover til Damvatnet, legg han til.
Fjellgruppa ønsker vel møtt!