Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berga sølvet i stafetten i Paralympics

Jon Olav Ørsal Sundag 18. mars 2018

I natt vart det nok ei medalje for Nils Erik Ulset. Han var med på stafettlaget som tok sølvmedalje i open stafett i langrenn. Ulset gjekk saman med Håkon Olsrud og Eirik Bye, og kom i mål 22,5 sekund etter gullvinnaren Frankrike.

Sølvvinnarane kom i mål på tida 23.09,1, medan Canada kom i mål 1 minutt og 5 sekunder etter Frankrike og sikra seg bronsemedalje. Søndag er siste dag i Paralympics i Pyeong Chang i Sør-Korea.

Publisert: 18. mars 2018, 07:20