Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt klart til julegatelystenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. november 2026

Onsdag kveld monterte Todalen bøgdalag si tradisjonelle julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø. Så da er det klart til å invitere til julegatelystenning søndag kveld klokka 18:00. 

Sju personar frå bøgdalaget, Matkroken Todalen og frivillige var med på monteringa i år. Sjølv om det var fingerkaldt, så vart arbeidet effektivt unnagjort.  

Todalen bøgdalag minner også om sitt pågåande julegatelotteri med fine premiar. Her er det mogleg å kjøpe lodd på Vipps 568828 fram til klokka 19:00 måndag 30. november. Trekninga er same kveld klokka 19:00, og dei heldige vinnarane blir kontakta og offentleggjort her på Todalen.no.   

Todalen bøgdalag ønsker alle velkomne på julegatelystenning søndag klokka 19:00!

Publisert: 26. november 2026, 10:00