Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frisbeegolf i Todalen

Elinor Bolme Laurdag 30. juli 2016

Fotballen rullar ikkje så ofte som før på Bordholmen. Lite ungar og samarbeid med IL Søya gjer at det meste skjer på Søyabanen. Men for å oppretthalde aktiviteten på det fine anlegget har idrettslaget no anskaffa utstyr til frisbeegolf. Dette er ein sosial aktivitet der ein konkurrerer om å bruke minst muleg kast på ein bane med 9 korger. Korgene på Bordholmen er utsett rundt fotballbanen, og det blir fort høgt engasjement når ein blir med på ein runde saman med Ivar Helge Kvendset, Ivar Bolme, Kristoffer Nordvik og Ola og Emil Ansnes.

image

Kristoffer Nordvik forsøker å treffe korga med minst muleg kast. Nokon klarte det på 2, andre 5-6….

image

Korgene er nummererte frå 1 til 9. Alt ein treng er ein frisbee, som ligg tilgjengeleg på Bordholmen for dei som ønsker å forsøke seg.

Klarar du å slå banerekorden på 23 kast?

Publisert: 30. juli 2016, 20:00