Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag

Styret i TIL 2020
Leiar: Nils Ove Bruset
Nestleiar: Astrid Longva Kvendset
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter

Leiar Økonomi- og markedsføringsgruppa: Oda Halle
Leiar, Barne- og ungdomsgruppa: Ola Dalsegg
Leiar, Anleggsgruppa- drift og vedlikehold: Lars Stensby
Løypeansvarleg, fjell og Tjønnmyra: Ståle Ansnes 
Ansvarleg Ungdomshuset: John Moe
Ansvarleg Skihytta: Terje Nordvik

Alle tillitsvalgte frå TILs årsmøte i 2020

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:09 - Sist oppdatert: 14. juli 2020, 15:25

Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Side 6 av 100« Første...45678...Siste »

Populært med kampsport

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2020

Opplæring i kampsport var ei kjærkoma avveksling for borna i gymsalen i kveld. Det var Anders Braaten Raaen som var instruktør, og denne kvelden vart det køyrt eit opplegg som var tilpassa alle alderstrinn. Dette var tydeleg vis noko som var populært og det det var mesta fulltallig deltaking på kveldens arrangement.  Og jammen såg […]


Kampsport som balleik

Elinor Bolme Sundag 12. januar 2020

I morgon blir det ikkje tradisjonell balleik melder Todalen IL. Da blir det i staden introduksjon av kampsport. Todalen er så heldig å ha fagfolk på dette fagområdet også i  mangeårig kampsporttrenar Anders Braaten Raaen


Svinvikrunden – vintertur på barmark

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2020

Det uvanleg milde vintervêret med mykje regn har gjort at all snø og is er borte i gammelvegen der Svinvikrunden går. Etter trimboka å dømme var det mange som nytta høvet til ein barmarkstur på laurdag, og dersom vêrmeldinga på yr.no treffer på så blir det mildvêr i komande veke. Dermed kan vi anbefale å ta turen til fots!


Evaluerte feiringa av nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2020

Det hører med til oppgåva til komiteen som står for feiringa av nasjonaldagen å evaluere arrangementet. Tysdag kveld var 2019-komiteen samla på kantina på Talgø for å evaluere både arrangementet og for å godkjenne rekneskapet frå arrangementet. Leier i 17. maikomiteen Rune Moe var godt nøgd med arrangementet, som var vellukka og som kom ut med eit moderat overskot etter at alle kostnader var betalt


Volleyballen fortsett

Elinor Bolme Måndag 6. januar 2020

Volleyballtreninga fortsett også inn i 2020 med samling i gymsalen på tirsdagar kl 19.30.


Rett på med balleik

Elinor Bolme Sundag 5. januar 2020

Todalen IL startar nyåret med balleik allerede i morgon kveld. Da blir det to sesjonar; dei minste opp til 3. klasse først, og så fra 4. klasse og oppover etterpå.


Skøyteavbrekk på Bordholmen

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2019

Ski og friidrettsgruppa inviterte til alternativ barn i løypa på skøyter på Bordholmen i dag. Etter kvart dukka dukka det opp rundt 15 ungar sør leik og moro på isen. Første post på programmet var hurtigløp på merka bane, før det vart hockeykamp.


Julerevy med kortreist og lun humor

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen – den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen. Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år – mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.


Barn i løypa på Bordholmen

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

I morgen, lørdag 28. desember kl. 14, arrangerer Ski- og friidrettsgruppa  barn i løypa på skøyter på Bordholmen. Det blir ishockey-kampar og rundar rundt isbanen med tidtaking. 


I kveld kl 20: Julerevyen Todalen Ymseri

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Vi minner om kveldens arrangement i Ungdomshuset – julerevyen «Todalen Ymseri». Dørene opnar kl. 20 og billettar får du kjøpt ved inngangen. Her er det sal av mat og drikke, og det blir mulegheit for ein svingom. Og så den store spenninga, da: Kven får heidersprisen – «Den Gyldne Patron»?


Folksomt rundt bygda i år også

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

Årets romjulsmarsj er historie. Nok ein gong var det stor deltaking med ca 170 personar som var ute på årets trivelegaste luftetur rundt bygda. Idrettslaget hadde som vanleg drikkestasjoner både på Bruset og i Sandstadkrysset med både kakao og gløgg i koppen. Nytt av året var gratislotteri på Bruset med mange fine premier. For dei som var så heldige å trekkje rett nummer i alle fall.


Saknar du eit brillepar?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Er det du som har mista brillene dine under Romjulsmarsjen i dag?  Eit par briller vart under marsjen funne ved Pilskaret.  Brillene har «gullinnfatning» og det ser ut som dei har fått seg ein liten trøkk.  Brillene er levert inn på Matkroken Todalen, og rettmessig eigar kan få dei att der, når butikken opnar laurdag […]


Side 6 av 100« Første...45678...Siste »