Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulstuå i Todalen

Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:

  • vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
  • vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
  • huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
  • syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
    til i dag
  • synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse

Styre: 

Ragna Kvendset (leiar

Jon Olav Roaldset

Sissel Halset Storslett

Siri Skjerve

Line Kvendset  

Først publisert: 13. desember 2011, 12:55 - Sist oppdatert: 2. februar 2024, 13:00

Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen

Internasjonal kafe og Lussi Langnatt

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. desember 2013

Inviterer til internasjonal kafe og feiring av Lussi Langnatt i Skulstuå fredag den 13.desember kl 18.00. Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå siste familedag i oktober, då ni ulike nasjonalitetar var samla til sosialt samvær. Alle er velkomne!


Familiedag i Skulstuå

Familiedag i Skulstuå

Elinor Bolme Fredag 18. oktober 2013

Ragna og Line Kvendset ønsker alle velkommne til familiedag kommande laurdag i Skulstuå.Her blir det høve til å få ein prat over ein kopp kaffe, og noko godt å bite i. Teiknekroken og uteleik for ungane. Åpent frå 12-15.


Gjer di borgarplikt!

Gjer di borgarplikt!

Jon Olav Ørsal Måndag 9. september 2013

Vi var på plass da vallokalet i Todalen skule opna kl 12, for å ta i mot stemmesetlar for stortingsvalget. presis kl 12 slapp den første veljaren inn i stemmelokalet, og sidan gikk det slag i slag. I Skulstuå (Gammelskulen) var dei også klare til å sette i gang soknerådsvalet, og begge vallokala held ope til måndag kveld kl 20.00.

Les heile saka

Familietreff med gløgg og julestemning

Familietreff med gløgg og julestemning

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2012

Søndag var det nytt uformelt familietreff i Skulstuåa, der dei feira første søndag i advent med gløgg og mykje gode julekaker. med smått og stort var det eit 20-tals frammøtte, som kosa seg i kvarandres selskap gjennom eit par føremiddagstimar denne kalde desemberdagen. Gradestokken viste nemleg rundt 10 grader, og minimumstemperaturen i natt var heilt nede i -12 grader.

Les heile saka

Triveleg familietreff

Triveleg familietreff

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. november 2012

Frå Line Kvendset har vi fått e-post og bilde frå familietreffet som var i Skulstuå sist laurdag. Ho skriv: «Sender nokre bilder frå ein triveleg formiddag i Skulstuå. Vi var 20 personar tilsaman og hadde absolutt eit vellykka arrangement. Det blir nytt familietreff igjen søndag 2. desember kl. 11 Da blir det juleverkstad for dei som vil være med på det, eller du kan berre kom innom på ein kopp gløgg. Vi garanterer god julestemning!» Nedafor finn du bilder frå familietreffet.

Les heile saka

Familiedag i Skulstuå

Familiedag i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. november 2012

Nokre foreldre har teke initiativ til å arrangere ein uformell familiedag i Skulstuå laurdag 10.november kl 11. Her blir anledning å få ein kopp kaffe, saft, noko godt å bite i og ein triveleg prat. Ungane kan gjerne ta med uteklær om dei har lyst til å leike ute. For dei som har lyst til å […]


Triveleg kveld med song og spell

Triveleg kveld med song og spell

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.

Les heile saka

«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen

«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. juli 2012

Formalitetane med overtakinga av Gammelskulen er no i orden og stiftinga «Skulstuå i Todalen» har no formelt overteke eigedomen, fortel Ragna Kvendset. Foreninga «Venner av Skulstuå» skal no ta seg av drift og vedlikehald av huset. Foreninga er alt kome igang med dugnadsarbeidet, og i første omgang er det målararbeid som er gjort, og sørveggen er så godt som ferdigmåla. Vidare er det måling av austre veggen, samt oppussing og måling av vindauga som står på programmet. Muligens blir det også skifte av kledning på vêrveggen i løpet av hausten, seier Ragna Kvendset til Todalen.no

Les heile saka

Kulturkveld i Skulstuå

Kulturkveld i Skulstuå

Alvin Harstad (tekst) Sundag 5. februar 2012

Torsdag den 2. februar var det underhaldningskveld i Skulstuå. Skulstuå eller Todalen gamle skule har også vore heimen til Leif Halse og ute i passeleg vinterstemning stod Vangsgutane på sokkelen sin og tok oss i mot. Kulturkvelden blei opna av Ragna Kvendset som var ei av eldsjelene bak Skulstuå som stiftinga skal ta over frå kommunen. Nils Tore Leivdal starta med å fortelje om todalingar som deltok i Silsetrenna frå si eiga bok «PÅ SILSETRENN», som kom ut like før jul.

Les heile saka

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. januar 2012

Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe.   Alle er velkome!    […]


Utstilling av klassebilde

Utstilling av klassebilde

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. desember 2011

Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer.  Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.


Utstilling i Skulstuå

Utstilling i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2011

Søndag opna utstillinga med gamle skulebilde i Skultuå (Gammelskulen) Den vart i utgangspunktet laga til 90-årsjubileet Todalen skule, og det har vore stor interesse for å få vist denne utstillinga igjen, fortel Ragna Kvendset i foreninga Venner av Skulstuå. Her var det utstillt skulebilde både frå gammel og ny tid, og interessant visning både for gammel og ung. Ragna fortel at det framleis er mange «hol» i utstillinga, så dersom det er nokon som har bilde frå skuletida som ikkje er med i ustillinga så er ho takksam for å få ein kopi av disse. Utstillinga var opa søndag, men det vil også bli ope ein eller fleire dagar i romjula, samt seinare utpå nyåret.

Les heile saka