Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trossa snøbygene – fann mykje plast i fjæra

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. mai 2019

Strandryddegjengen i Nordvik grendalag trossa vêr, vind og snøbyger og gjorde jobben laurdag føremiddag. Det er heilt utruleg kor mykje plast dei fann berre på strandlina forbi Nordvik, kunne strandryddarane konstatere.

Ei tjuetal med søppelsekkar vart fylte opp og gjort klar for innlevering til søppelplassen. Dette er ein jobb dei har halde på med i fleire år – dei starta faktisk før det vart «mote» å samle søppel i strandlinja, og dei samlar i tillegg rundt vegkantane. No har det vorte offisiell strandryddedag meir eller mindre på landsbasis.

Strandryddegruppas harde kjerne – godt å varme seg på kaffe og sjokoladekake etter at jobben var gjort. Frå venstre Ola Røe, Olmod Nordvik, Jan Nordvik, Trond Svinvik og Kenneth Sæterbø. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi stakk innom samlingsplassen ved Røe-Slettnesset var jobben unnagjort og det var samling rundt kaffebordet til sjokoladekake og kaffe som både smaka- og varma godt.

Først publisert: 4. mai 2019, 13:20 - Sist oppdatert: 5. mai 2019, 09:26