Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge før helga tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år.
Kunstnerisk kvalitet og aktivitet
– Tildelingane viser høg kvalitet, stor bredde og aktivitet i det norske kunstlivet, sier utvalgsleder Alfhild Skaardal. Over 7000 søknader har vore behandla i 24 ulike stipendkomitear i årets søknadsrunde. Kunstnerisk kvalitet og aktivitet er dei viktigste kriteriane når søknadene vurderast.
– Komiteane har hatt ein vanskeleg oppgave. Når berre 12 prosent av søknadene blir innvilga, seier det seg sjølv at det kviler eit stort ansvar både på Utvalget og komiteane. Samtidig viser dette at det er stor bredde og aktivitet i det norske kunstlivet. Det er vår oppgave å sikre dette også for fremtid, meiner Skaardal.
Gir økonomisk forutsigbarheit og tid til utvikling
Når vi snakkar med Toril i etterkant av tildelinga har ho ikkje landa heilt enno. Ho fekk beskjeden mens ho var på reise med gutane sine etter eit besøk hos svigerforeldra i Barcelona. Dei sat og åt frukost på flyplassen da det tikka inn ei melding på telefonen frå Tove Lise, keramikeren ho deler verkstad med nede på Fosenkaia. «Gratttuele nå inni granskuen!!!!!», stod det berre. No er dei ankommet «heimstaden» Trondheim og det gode budskap byrjar å sige innover. Toril har hatt arbeidsstipend i to omganger før, først 2 år for nyetablerete kunstnarar og sist periode for 3 år frå Kunsthåndverkernes fond. For Statens kunstnarstipend har avgjerande betydning for bredden og kvaliteten i det profesjonelle norske kunstlivet. Og mange kunstnarar får med dette stipendet ei etterlengta anledning til å fordjupe seg i sitt kunstneriske virke. Kunst er tidkrevende arbeid og i den sammenhengen er stipendene veldig viktige. For oss kunstnarar gir det ei økonomisk forutsigbarhet som sett oss i stand til å vie enda meir tid til fordjupning og utvikling av kunstnerskapet på fritt grunnlag, seier Toril.
Prosjektleiar og blomsterdekoratør
Toril arbeider for tida i ei 20 % stilling som prosjektleiar i det 2-årige handtverksprosjektet HUNGER ei av satsningsområdene til Nordisk Kulturfond. Det er Norske Kunsthåndverkere Midt-Norge (NKM) som er arrangør for prosjektet, som skal bestå av tre workshops, ei temautstilling, eit seminar og artist in residency.
I tillegg hjelper ho ein tidligere blomsterkollega i ein heilt nyoppstarta blomsterverkstad på Bakklandet, som heter Strå. Et sted med sjel! Dette er eit lite verksted med stort fokus på faget blomsterbinderi. Mest blomstrende og grønt, «Litt tang.. ikke så mange ting». Her finn du fine og egna vaser og blomsterpotter. Nokon laga av lokale keramikere med lokal blåleire, ellers ein passe blanding av bruka og nytt.
Arbeidsstipendiatar kan ha inntil 50 % stilling i varig arbeidsforhold ved sida av arbeidsstipendet. Årsbeløpet i 2016 var kr 229 609. Det blir betalt ut i månadlege ratar og er å rekne som skattepliktig arbeidsinntekt. Toril har fra hun var kunststudent i Bergen hatt blomster som «attått-næring», en finfin jobb, der jeg er overbevist de beste folka finnes, både forann og bak disken!
VARV -det nye prosjektet i stipendperioden
Varv er noko som vi kaller avleiringer; leire med synlige års-lag som er danna ved sesongmessige variasjonar, forklarer Toril.
Gjennom arbeidet med støvet har eg vorte interessert i dei parallelle prosessane som forgår rundt oss. Medan vi mennesker forheld oss til vårt arbeid og tid, så foregår det samtidig ei eiga geologisk tid. I sitt virke har Toril alltid vore oppteke av kulturhistorie, og Todalen har alltid ein viktig plass i kunsten hennar, enten som bakteppe, tema eller med fysiske materiale henta frå bygda.
VARV vil også handle om plassen som eit materiale, seier ho. Eg vil fortsatt fordjupe meg i materialkunnskap og materialhistorie, men nå hente ut leire i naturen, eller bestanddeler til leira for å så ta den inn i produksjonen av eiga leire og ei vidare forming av denne.
Eg har akkurat flytta til Trondheim og er no busett på leirgrunn. For 10.000 år sida lå heile Trondheim under havet. Det var då blåleira vart danna. På Lade i Trondheim sentrum er arbeidet byrja med å lage ein heilt ny bydel. Ladebyhagen. Her blir blåleira gravd opp for å gjere plass til parkeringshus. Leira blir flytta og forma til eit ”ås-landskap” som grunn for nye leiligheiter og friluftsområder. Eg er interessert i det norske leirlandskapet idag, og hva varv kan være både som fysisk materiale og moderne begrep.
Ny utstilling med porselensmasse frå Porsgrund
I mai har Toril utstilling i Porsgrund, under den nasjonale kunstfestivalen greenlightdistrict. Arrangørenen har invitert over 80 kunstnarar til å produsere verk som observerer, krititserer og diskuterer spørsmål omkring økologi, teknologi, industriell utvikling og menneskets plass i det heile. Toril har god kontakt med kunstmiljøet knytta til Porsgrunn Porslensfabrikk, og har flere gonger vore gjestekunstnar. Gjennom greenlightdistrict er ho derfor invitert til å vise prosjektet RÅSTOFF i det gamle gipsverkstedet på fabrikken. I dag kjøper fabrikken porselensmassen sin ferdig frå Tyskland, men tilgangen til lokale råstoff, Feltspat og Kvarts var på 1880-talet grunnlaget for oppstart av porselensfabrikken. Den siste bestanddelen, Kaolin, ble hentet fra England i returfrakt sammen med kull på de mange is-skutene som segla dit.
Basert på eksisterende opplysninger om den opprinnelige porselensblandingen ved Porsgrund Porselensfabrikk skal Toril i prosjektet lokalisere og utvinne dei ulike råstoffa for å lage ein porselensmasse av dei råstoffa som fortsatt finns rundt Porsgrund i dag.
Skikkele stoljt tå me sjøl!
Eg ser på tildelinga av arbeidstipendet som ei stor tillittserklæring, det gir så mange fleire muligheter, seier Toril. Eg er rett og slett glad, og samtidig «skikkele stoljt tå me sjøl» over tildelinga. Eg skal fortsette å engasjere meg, gjennom kunsten som eg lagar og gjennom organiasjonsarbeid for kunstnerenes arbeidsvilkår. Ein stor takk til dei som har stått på og arbeidd fram de rettigheitene og muligheitene vi kunstnarar i Norge har idag.