Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Topp dag på Nordmarka

Dordi Jorunn Halle Onsdag 18. mars 2015

Denne veka arrangerer Surnadal idrettslag 2015 IPC Nordic Skiing World Cup – det er verdscup for funksjonshemma. I dag stod skiskyting på programmet med 60 deltakarar frå åtte nasjonar. Deltakarane stiller i tre ulike klassar: synshemma, ståande og sitjande. Alle deltakarane imponerte stort, det er utruleg flinke idrettsutøvarar med stort pågangsmot og eineståande flott innsats!

I dag stilte det to norske deltakarar: Trygve Steinar Larsen og Nils Erik Ulset frå Straumsnes. For Nils Erik vart dette som å konkurrere på heimebane. Han bruker Nordmarka som treningsarena, og ein stor lokal heiagjeng var møtt opp. Han var godt fornøgd med løpet sitt, han skaut feilfritt og vart nummer to. Det var Vladislav Lekomtcev frå Russland som vann, han leiar verdscupen samanlagt, og Nils-Erik Ulset er nummer to. Verdscupavslutninga blir på Nordmarka i helga. Men naturleg nok var det Nils Erik Ulset som var mest populær, han vart omringa av unge og ivrige autografjegerar!

Bilete 2

Heiagjeng frå Stangvik skule med svært fine plakatar. foto: Dordi Jorunn Halle

Bilete 3

Nils Erik Ulset tok seg god tid til å skrive autografar. Foto: Dordi Jorunn Halle

I dag var det riktig god stemning på Nordmarka, fint ver og mykje folk som heia, klappa og ringla i bjøller for alle deltakarne! Ekstra mykje liv laga elevar frå Todalen, Stangvik, Mo, Øye og ungdommskulen. Surnadal il gjer ein flott jobb og fortener stor ros for arrangementet!

Sjå alle bilda frå den fin Worldcup-dagen på Nordmarka i bildegalleriet nedafor –  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 18. mars 2015, 19:01